SJEKKA NØYE: Onsdag var det kåringssjå i Aurland, der sauebønder frå Årdal, Lærdal og Aurland deltek. Der er målet å finne dei beste vêrelamma før paringa tek fatt om ein månad. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
SJEKKA NØYE: Onsdag var det kåringssjå i Aurland, der sauebønder frå Årdal, Lærdal og Aurland deltek. Der er målet å finne dei beste vêrelamma før paringa tek fatt om ein månad. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

– Ein stor dag for oss som driv med avl

Ikkje noko får sleppe unna for dommarane når dei beste vêrelamma skal kårast.

Aurland: Onsdag var sauebønder i frå Årdal, Lærdal og Aurland samla på Sogn jord- og hagebruksskule i Aurland på kåringssjå.

Her er målet å ta ut dei beste hanndyra til paringa som startar om ein månad.

– Dette er ein stor dag for oss som driv med avl av norsk kvitsau. I dag er det kåringssjå, og då stiller me med top of the top, som eg seier.

– STOR DAG: Ole Bjarne Hovland skildrar dette som ein stor dag for dei som driv med avl.
– STOR DAG: Ole Bjarne Hovland skildrar dette som ein stor dag for dei som driv med avl.

Skapa interesse

Ole Bjarne Hovland frå Årdal smiler. Det er tydeleg at dette er noko han har sett fram til. Det er også tydeleg på fleire ansikt at dette er ein fin dag. Tidlegare har bøndene i kommunane gjort dette kvar for seg, men i år er dei samla frå alle tre kommunane.

– Dette er kjempeflott. Me får håpa at dette bidreg til å skapa litt meir stemning og ramme rundt dette, er det fleire som seier rundt omkring på plassen.

Barnehagar og skular er opp om for å helsa på sauene. Det same er også studentane ved Jord- og hagebruksskulen, som får undervisning undervegs, kan det sjå ut til.

Artikkelen held fram under biletet.

NØYE: Ingenting blir overlete til tilfeldigheitene. Her skal alt sjekkast ned til minste detalj. Dommar Tom Idag Kvam ser på ullet med eit mikroskop.
NØYE: Ingenting blir overlete til tilfeldigheitene. Her skal alt sjekkast ned til minste detalj. Dommar Tom Idag Kvam ser på ullet med eit mikroskop.

Førebuingar til paring

Rundt omkring er det laga til grinder med saueflokkar inni. Alt frå to til åtte-ni er samla, alt etter kor mange bonden har med seg. Nokre har allereie fått ei lilla sløyfe i øyret, noko som betyr at dei har gjort det godt.

– Her stiller me med dei beste vêrelamma som er komne frå fjellbeite. Det er tyngste og dei med best «indeksar», der mor og far og slekta bakover er av topp klasse. Det går på kjøtfylde, feitt, morseigenskapar og god mjølkeevne, og at dei før bra lammekalvar, som gjer at det blir økonomi i det me driv med, forklarar Hovland vidare.

MERKA: Ei lilla sløyfe indikerer at dette er eit lam som dommarane meiner har gode indeksar.
MERKA: Ei lilla sløyfe indikerer at dette er eit lam som dommarane meiner har gode indeksar.

Plutseleg kjem ein kar han kjenner bort og spør etter sauer. Han vil tydelegvis nytte seg av hans sauer når paringa startar. Slik fungerer det.

– Med denne kåringssjå tek ein ut dei beste hanndyra, og så blir dei rullert på dei bøndene som er medlem i vêreringen. I Årdal og Lærdal er det ein vêrering, og så er det ein eigen i Aurland. Dei beste blir køyrt rundt til ulike bønder og brukt i besetninga, og så blir dei målt neste år på avkomma. 

Prestisjetung pris

Dessutan for bonden med dei beste lamma på alle måtar ein pris. 

– Kor høgt heng den prisen?

– Det er jo klart det er status. Den som har den beste vêren har då gjort ein god jobb med stell, beite og har gode dyr bakver i slektsledda. Han har ein god besetning, seier Hovland, som berre har vunne ein slik pris då det var eigen kåringssjå i Årdal.

– Me har berre hatt det to år saman med Lærdal, og då er nok lærdølene vanskelege å ta. Dei har vore flinke på avl i mange år. Me har kanskje like fine vêrar, men er ikkje like gode på slekt bakover. 

DOMMAR: Tom Idar Kvam er ein av fleire dommarar.
DOMMAR: Tom Idar Kvam er ein av fleire dommarar.

Detaljert dømming

Ein som er med på å avgjera kven som får denne prisen er Tom Idar Kvam, ein av dommarane.

– Me har ein grunnindeks, som må vera minst 115. Og så dømmer ein bein, kropp, ullkvalitet og ullengd. Dei tinga tel like mykje, forklarar han.

Sauene blir lagt på rygg, der ein sjekkar testiklar og spener. Ullet blir klipt av og kikka på med mikroskop. Her er det ikkje noko som slepp unna. 

Til toppen