SEL LITT: Jaguar er eit lite nisjemerke i Noreg, i fjor blei det registrert 359 nye bilar frå dei her til lands. F-Pace er i dag den modellen som sel mest. FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema 
SEL LITT: Jaguar er eit lite nisjemerke i Noreg, i fjor blei det registrert 359 nye bilar frå dei her til lands. F-Pace er i dag den modellen som sel mest. FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema 

Ein SUV for estetikaren

Jaguar har treft med mykje i sitt første forsøk i SUV-sjangeren.

Nokre bilmerke har eit sus av noko distingvert, av klassisk overklasse og fordoms stoltheit. Seier ein Jaguar, dukkar det fort opp assosiasjonar til Chesterfield-salongar, eksklusivt treverk, tweeddressar og krydra tobakksrøyk.

Imaget tilseier at dette er eit merke for dei som har dobbeltgarasje og hus med eigen salong. Så har då også Jaguar tradisjon for å gi kunden berre to alternativ – ein svær sedan eller ein sportsbil – begge til ein pris som sa konsernsjef. Sånn er det ikkje lenger.

Ein kan få ein splitter ny Jaguar til 430.000 kroner, og Jaguar leverer ein SUV-modell. F-Pace er deira første modell i det som er den aller mest populære bilsjangeren i dag. Segmentet som på mange måtar blei starta av den like erkebritiske bilprodusenten Land Rover for snart 50 år sidan, med Range Rover.

Publikumsmagnet

For Jaguars del er dette litt skummelt med tanke på tradisjon og estetikk. Ofte er SUV-ar klumpete og preglause, men ein merker fort at Jaguar har treft ganske så godt med sitt bidrag i denne sjangeren. Ein parkert F-Pace får publikum. Folk vert trekte mot bilen, og ein kan sjå overraskinga i ansikta når dei får auge på Jaguar-logoen.

F-Pace har tatt med trekk frå dei andre modellane, særleg synleg i fronten, og gitt taklinja ein coupé-aktig boge. Resultatet er på mange måtar så vellykka det kan bli når vi snakkar om ein SUV.

Bilen legg seg i det øvre sjiktet i det mellomstore SUV-segmentet saman med Audi Q5, BMW X3, Mercedes-Benz GLC og Porsche Macan. Sjølv har produsenten sagt at det er køyreeigenskapane til Macan dei siktar seg inn mot. Dette skal med andre ord vere ein sportsleg SUV.

Jaguar klarer ikkje heilt å treffe denne målsetjinga. Macan er framleis den beste SUV-ein når det gjeld sportslegheit. Det er eigentleg ikkje så rart, for F-Pace er større, og ligg midt mellom Macan og Cayenne.

Artikkelen held fram under biletet

COUPÉ: Skulderlinja på F-Pace er ganske høg, vindusrekka har ei coupéavrunding.
COUPÉ: Skulderlinja på F-Pace er ganske høg, vindusrekka har ei coupéavrunding.

SUV-styring

Vel ein innstegsmotoren på 180 hestekrefter, kan det følast litt snautt. F-Pace er ein ganske stor og tung bil, nær 1,8 tonn, og då blir den to liters dieselmotoren andpusten. Lyden blir også ein smule astmatisk.

Det kan ein løyse ved å leggje i veldig mykje meir pengar og gå for ei utgåve med same utstyr som testbilen her. Dette er topputgåva med ein V6-motor på friske 380 hestekrefter, same motor ein finn i sportsbilen F-type. Ei null-til-hundretid på 5,5 sekund seier vel sitt.

Med på kjøpet får du ein fin og skarp V6-lyd, som kler ein Jaguar veldig godt.

Understellet har null problem med å handtere kreftene. Bilen tar svingar flatt, og firehjulstrekksystemet fordeler kreftene dit dei skal.

På ein tur langs norske vintervegar fekk bilen også vist at elektronikken hjelper sjåføren med å halde retninga sjølv om underlaget er glatt. Styringa er direkte og presis, men i god SUV-tradisjon gir bilen litt lite feedback frå underlaget.

Artikkelen held fram under biletet

LIKT: Interiøret er likt det du finn i XE og XF. Det følest ikkje like moderne, slik for eksempel det nyaste frå Audi gjer.
LIKT: Interiøret er likt det du finn i XE og XF. Det følest ikkje like moderne, slik for eksempel det nyaste frå Audi gjer.

Sportsbilmotor

Motoren får fram dei sportslege eigenskapane til bilen, samtidig er han ei litt pussig oppleving. Vanlegvis har spreke SUV-ar ein svær dieselmotor med eit kraftig dreiemoment. Motoren her er meir av typen som likar å liggje på høge turtal. Skal ein nyte motoren, må han behandlast som om ein sit i ein sportsbil. Noko som krasjar med at ein sit høgt over bakken i ein voksen SUV.

Denne utgåva er også sett ganske stramt opp. Sportsinnstillinga er for eit heilt anna underlag enn det norske vintervegar kan by på. Sjølv i normalmodus er bilen i overkant stumpete.

F-Pace er rett og slett litt bøllete. Her går ikkje assosiasjonane til djupe lenestolar og fredelege salongar. På den andre sida er interiøret i F-Pace litt meir klassisk og ikkje så hyperteknologisk som i dei nyaste modellane frå Mercedes-Benz og Audi. Her er det ein fin balanse mellom det klassiske og det moderne.

Motormessig blir det nok mest ideelt når bilen snart får både diesel og bensin med ytingar midt på 200-talet, det verkar som ein perfekt match i ein bil som dette.

 

Til toppen