MJÖLKBÖNDERNA SLIT: Talet svenske mjølkegardar er under halvparten så mange som i Noreg. Og dei blir stadig færre. Foto: Halvor Farsund Storvik.
MJÖLKBÖNDERNA SLIT: Talet svenske mjølkegardar er under halvparten så mange som i Noreg. Og dei blir stadig færre. Foto: Halvor Farsund Storvik. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Ein svensk mjølkegard forsvinn kvar dag

I juni og juli blei det i gjennomsnitt lagt ned eitt mjølkebruk kvar dag i nabolandet vårt.

Talet på svenske mjølkegardar er dermed nede i under 4000, skriv Nationen. Til samanlikning hadde Noreg 8800 mjølkeproduserande bruk i 2015, ifølgje SSB.

– Det er fleire som gir seg no. Dei siste åra har nedleggingsraten vore på rundt 5,0 til 5,5 prosent. No, den siste månaden, har den lege på 6,8 prosent, seier Lennart Holmström, som er marknadsekspert for mjølk hos Lantbrukarnas Riksforbund, tilsvarande det norske Bondelaget, til fagbladet Husdjur.

Ei av årsakene til nedleggingane, er at mange meiner økonomien i mjølk er for dårleg. Ein stor del av dei svenske bøndene leverer til mjølkesamvirket Arla, som har senka mjølkeprisane jamt og trutt dei siste månadene.

Frå og med 1. juni har samvirket betalt 2,32 kroner per liter, noko som er drygt halvparten av kva norske mjølkebønder fekk utbetalt per liter frå Tine i fjor, samla sett, skriv Nationen.

Til toppen