Ein tankevekkjar for alle på sosiale medier

Denne fredagen kom teatergruppa The Krumple til Årdal. Dei synte publikum ei sterk førestilling om fenomenet nettrolling.

Denne fredagen kom teatergruppa The Krumple til Årdal. Etter å ha samla elevane ved Årdal videregåande skule i samfunnshuset, synte dei ei sterk førestilling om fenomenet "nettrolling".

Vil gjere folk bevisste

I teaterstykket blir publikum dratt inn i ei marerittaktig verd av internettrolling.

Førestillinga handla om ei ung jente som oppretta ein profil på Myspace. I starten var reaksjonen svært positiv og ho fekk mange nye venner. Etter kvart begynte ho å få truslar og stygge kommentarar.

– Med denne førestillinga vil me få folk til å reflektere over nettmobbing. Når ein sit foran ein skjerm er det lett å gløyme at dei du skriv til er ekte individ akkurat som deg, og ikkje berre virtuelle personar. Me håpar det har vore ein liten tankevekkjar for publikum og at ein tenkjer seg om før ein ytrar seg på nettet. 

The Krumple fokuserer på korleis kommunikasjon blir endra når ein har moglegheiten til å vere anonym. Dei vil få publikum til å tenkje over om dei sjølve er med på å promotere nettrolling.

Basert på ei sann historie

–Me fekk først ideen då me høyrte ei historie om tre søstre, fortel medverkande Jo Even Bjørke. 

–Mellom dei var det mykje misunnelse, og det kom fram at den eine var eit nettroll som skreiv krenkjande ting om dei to andre. I etterkant gjorde me mykje research, og fann fleire inspirerande episodar.  

Delar av historia er så grov at me ikkje kunne ta det med i teaterstykket. Det er rystande å sjå kva folk blir utsett for. 

Førestillinga har blant anna henta inspirasjon frå ei sann historie frå Amerika.

– Då me fekk høyra om historia blei me heilt sjokka. Blant anna blei hunden hennar kidnappa. Delar av historia er så grov at me ikkje kunne ta det med i teaterstykket. Det er rystande å sjå kva folk blir utsett for. 

Dei presiserte at dei ikkje nødvendigvis hadde blitt utsette for nettmobbing sjølve, men at dei er ein del av nettsamfunnet og ser på temaet som veldig aktuelt. 

 Halde dialog med publikum

Etter stykket satt The Krumple seg ned foran publikum og var opne for spørsmål og diskusjon rundt temaet.

–Me vil at publikum skal tolke stykket på sin eigen måte. Derfor kan noko verke uklart eller vanskelig å forstå. 

Det blei blant anna diskutert om jenter er meir utsett for nettmobbing eg gutar. 

–Heilt ærlig så trur eg at det har mykje med at temaet er meir tabubelagt for gutar. Dei skal liksom vere så tøffe og ikkje vise at dei blir såra. Derfor høyrer me mest om tilfella som angår jenter. I tillegg er jenter meir sensitive, noko som gjere dei til lette "offer". 

Kva skal ein gjere om ein blir utsatt for nettmobbing?

–Det er viktig å vite om moglegheitane dersom trollinga går for langt, forklarar Bjørke. 

–Ta kontakt med politiet, eller andre som kan hjelpe. Mobbing er ikkje noko ein skal tåle eller må halde for oss sjølve. 

Til toppen