ISOLERT: Den tilsette som er smitta ved Norva24 Birkeland sit no i isolasjon. Han har tidlegare vore i karantene og skal ikkje ha vore i kontakt med andre.
ISOLERT: Den tilsette som er smitta ved Norva24 Birkeland sit no i isolasjon. Han har tidlegare vore i karantene og skal ikkje ha vore i kontakt med andre. (Foto: Vilde Grimelid Oppedal/arkivfoto)

Éin tilsett koronasmitta: – Har ikkje vore i kontakt med andre

Ein tilreisande tilsett frå Slovakia har fått påvist koronasmitte hos Norva24 Birkeland. Personen skal ha vore i karantene sidan han kom til Noreg og det er difor ikkje smittefare.

Gulen: Gulen kommune melde tysdag morgon på heimesida at ein utanlandsk tilsett ved ei verksemd i Gulen hadde fått påvist koronasmitte. 

Norva24 Birkeland i Sløvåg stadfestar tysdag ettermiddag på Facebook-sida si at det gjeld ein tilsett hos dei. 

Personen som er smitta er tilreisande frå Slovakia. Både den tilsette og verksemda har følgt smittevernslovgjevinga, og den tilsette har difor vore i karantene sidan han kom til Noreg 5. september. 

– Den tilsette har sidan han kom til Noreg ikkje vore i kontakt med andre. Han har heller ikkje oppholde seg på offentlege stader, som butikkar eller anna, skriv avdelingsdirektør Kenneth Birkeland på Facebook-sida. 

Birkeland seier til Porten.no at verksemda har følgt alle interne retningslinjer i tillegg til dei offentlege i saka. 

– Den som har fått påvist smitte er i isolasjon. Det vert han til det foreligg negativt prøveresultat og vidare framover etter retningslinjene, seier han. 

Tiltaka er gjort i samråd med kommunelegen, ifølgje Birkeland. 

Éin i karantene

Den smitta arbeidaren kom saman med ein kollega frå Slovakia til Bergen laurdag, der dei vart testa for COVID-19. 

Verksemda hadde stasjonert ein eigen bil til dei i Bergen på førehand som dei to køyrde saman til Sløvåg. Dei gjekk så rett i karantene i påvente av prøvesvara. 

– Den eine fekk negativt svar, medan den andre fekk positivt, seier Birkeland. 

Arbeidaren med negativt prøvesvar har blitt testa på nytt på legekontoret tysdag og skal igjen testast på torsdag, ifølgje Birkeland. 

Dei to tilsette er fast tilsette i verksemda, men jobbar seks veker på og seks veker av-turnus. Dei kom tilbake til Sløvåg då dei skulle byrje på ny arbeidsperiode, fortel Birkeland. 

– Har fungert 110 prosent

Birkeland er nøgd med at smitteverntiltaka til Norva24 Birkeland har synt seg å fungere. 

– Det har fungert 110 prosent. Det er takka vere gode arbeidarar som lyttar og godt arbeid frå HMS-avdelinga og leiinga. Vi har terpa på rutiner og følgt prosedyrene. Det er kjekt å sjå at ting fungerer når uhellet først er ute, seier Birkeland. 

– Alle kan kjenne seg trygge

Birkeland understrekar at bygdefolk, tilsette og kundar kan kjenne seg trygge på at det ikkje er fare for spreiing av smitte i samband med dette tilfellet. 

– Dei skal ikkje vere redde for å møte nokon av våre tilsette komande dagar, seier han.

Til toppen