SKUFFA: Ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid, er skuffa over at lensmannskontoret i kommunen no vert lagt ned. Foto: Truls Grane Sylvarnes (Arkiv).
SKUFFA: Ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid, er skuffa over at lensmannskontoret i kommunen no vert lagt ned. Foto: Truls Grane Sylvarnes (Arkiv).

– Ein trist dag for årdalssamfunnet

Ordførar Arild Ingar Lægreid er svært skuffa etter at politidirektøren la fram si endelege innstilling i politireforma fredag.

Årdal: Både ordførar i Årdal og kollega Noralv Distad i Aurland sat begge med eit visst håp om at politidirektør Odd Reidar Humlegård ville spara deira lensmannskontor.

I staden heldt Humlegård fast på innstillinga frå politimeisteren i Vest. Dermed kjem kontora i Årdal og Aurland til å bli nedlagt. Den nye kontorstaden på sørsida av fjorden blir Lærdal.

– Eg er skuffa. Det er ein trist dag for årdalssamfunnet. Dette var dei siste statlege arbeidsplassane som er att i Årdal, som no forsvinn, seier Lægreid. 

Vurderer å klage

Skuffa er også kollega Distad. Framleis er det moglegheit til å klage på innstillinga, men berre dersom ein meiner det er gjort ein sakshandsamingsfeil. Det vurderer no Aurland.

– I prosessen påpeikte me særlege behov Aurland har. Me meiner også at dei ROS-analysane som er gjort, ikkje er tilfredsstillande. Det er fleire punkt me vurderer som grunnlag til å klage. Det vert bestemt i løpet av kort tid om me klagar, seier Distad.

Det er framleis lenge til fristen for å klage går ut. Difor vil Lægreid ikkje ta stilling til dette allereie i dag, men gjentek at han er skuffa.

– Kartet var teikne opp før prosessen starta

– Me har vore aktive heile prosessen sidan me starta på førsommaren i 2016. Av alle innspela me har kome med, føler eg ikkje noko av dette er teke til følgje. Me har argumentert godt, meiner eg. Eg føler kartet var ferdig teikna før prosessen starta. 

Det er tidlegare påpeikt at politimeisterane i Noreg har gått for langt i sine innstillingar, men fredag var det berre fem lensmannskontor i Nordland, Møre og Romsdag og Telemark som vart redda. Altså ingen frå Sogn og Fjordane.

– Me meiner innstillinga tek omsyn til reelle faktorar som går på behovet for politioppgåver i Aurland kommune. No er me tilbake til slik det var 1. november 2014. Då gjekk me ein lang periode utan lensmann. Dette er eit steg tilbake, seier Distad og understrekar at også dei har jobba hardt for å snu politidirektøren. 

Til toppen