Aurland/Luster: Sognefjellet har vore stengd sidan torsdag kveld grunna uvêr og kjem tidlegast til å opna laurdag. Midt på dagen fredag har også vegen over Aurlandsfjellet vore stengd av same årsak. Dette melder Vegtrafikksentralen
Vegtrafikksentralen melde på Twitter fredag morgon litt over klokka 6 om eit ras som hadde gått på fylkesveg 50 ved Vassbygdi.
– Det er stengd ved brua ved E-co Energi, så dei som bur i Vassbygdi kjem seg til og frå, seier Jan Erikstad ved Vegsentralen då.
Steinane hadde kome ned frå høgtliggjande sleppområde og det låg mykje stein også utanfor vegbana som hadde stoppa i småskogen inn mot vegen. Raset hadde gått der bilane står og ventar på lysreguleringa ved Hagatunnelen.
Vegtrafikken Vest twitra klokka 11 at helikopter skulle spyla staden steinane ramle frå. Klokka 13 twitra Vegtrafikksentralen Vest at vegen var opna att.