VEGG AV VIND OG REGN: Jegerane i Leikanger Skyttarlag ante fred og inga fare, plutseleg kom ein vegg av vind mot dei. Dette er alt som er att av vogna og skivene, etter møtet med betongen. 
VEGG AV VIND OG REGN: Jegerane i Leikanger Skyttarlag ante fred og inga fare, plutseleg kom ein vegg av vind mot dei. Dette er alt som er att av vogna og skivene, etter møtet med betongen.  (Foto: Jørn Njøs)

Vinden reiv av sikringane og vogna raste mot skyttarane

– Hadde me stått framfor vogna då ho kom, så veit eg ikkje kva som hadde skjedd, seier Jørn Njøs som var vitne til hendinga på Leikanger skytebane.

Leikanger: Då nokre jegerar frå Leikanger Skyttarlag skulle trene til landskyttarstemnet, laurdag, fekk dei ei overrasking.

Vêret snudde brått om, og dei kunne med store augo sjå at nokre skyteskiver byrja å losna.

– Det kom ein kvit vegg av regn og vind innover dalen og mot oss. Det var akkurat som ein knipsa i fingrane, seier Jørn Njøs, leiar i ungdomsutvalet i Leikanger Skyttarlag.

Skyteskivene og vogna losna

Inne på standplass låg to jegerar og skaut på skiver på 100 meter avstand i førebuing til landsskyttarstemnet. Det var sol og fint vêr, men litt vind. 

Njøs, hadde allereie målt vindstyrken ein gong, og skulle ut ein andre gong då han kjende nokre regndråper i lufta. 

Hadde me stått framfor vogna då ho kom, så veit eg ikkje kva som kunne skjedd

Jørn Njøs

– Då eg gjekk ut igjen såg eg berre ein kvit vegg som kom innover dalen. Kraftig nedbør og vind kom mot oss. Så såg me at det byrja å losne skyteskiver frå stativet.

Njøs og ein av skyttarane sprang fram til blinken, for å redda skivene. Då dei hadde kome halvvegs var dei gjennomblaute. 

På ei skytebane vert skivene frakta fram og tilbake på med ei vogn som går på skinner. Denne vogna var sikra med nokre tau framme med 100 meteren, grunna vind tidlegare på dagen. 

– Medan me stod der framme så høyrde me at tauet sleit med eit smell. Og vogna berre rasa heim mot standplassen, der jegerane stod. Vogna raste rett i betongen. 

Saka held fram under biletet. 

VEGG AV VIND OG REGN: Jegerane i Leikanger Skyttarlag ante fred og inga fare, plutseleg kom ein vegg av vind mot dei. Dette er alt som er att av vogna og skivene, etter møtet med betongen.  Foto: Jørn Njøs

Jegeren som stod att på standplass kunne berre måpa då han såg vogna kome mot han i høg fart. Heldigvis klarte han å smetta bak ei betongsøyle akkurat i tide.

– Hadde me stått framfor vogna då ho kom, så veit eg ikkje kva som hadde skjedd. Men me stod heldigvis ved sidan, og bak vogna då ho losna. Taua heldt ho rett og slett ikkje.

Sette i gong dugnad

Med under ei veke til landsskyttarstemnet i Stjørdal, har skyttarlaget ein jobb å gjera for å fiksa vogna og skivene. 

– Det er berre ei veke til landskyttarstemnet, så me har det litt travelt med at skyttarane skal få førebu seg, med testskot og slikt. 

Njøs fortel at dei allereie har organisert ein dugnad for å få utstyret i god stand att. 

– Måndag startar dugnaden. Nokre av dei pensjonerte skyttarane frå laget var klare til å ta eitt tak med ein gong, seier han.

Meteorolog: – sterk vind i fjella

I Leikanger var det fint vêr laurdag, med sol og litt vind. Heilt til det plutseleg slo om til kraftig vind og regn. 

Skytabana ligg i Eivaldgjerde i Leikanger, og verkar å vera der veret råka hardast.

– Det var nok litt lokalt for lengre ute i bygdi hadde det ikkje vore slikt regnvêr som det var på skytebana. Eg har ikkje opplevd det slik før, seier Njøs. 

Arnstein Tjøstheim, vakthavende meteorolog ved Meteorologisk Institutt, seier til Porten.no at det i går vart registrert sterke vindkast i fjellene i Midt- og Sør-Noreg:

– Det var ein del vind i fjella i går. Vindkast på oppimot 40 meter per sekund vart registrert i Juvvasshøe i Lom i Oppland, nord-aust for Sogn og Fjordane. Og på fjellstasjonen på Røldalsfjellet i Hordaland, vart det målt vindkast på 30 meter per sekund. 

Elles opplyser Tjøstheim at det var registrert 15 m/s på målestasjonen i Vangsnes og Sogndal flyplass. 

–Det var ein del vind i fjella i går så hendinga på Leikanger kan godt henga saman med det, seier meteorologen. 

Til toppen