Henny-Kristin Asperanden Navarsete og Stig Ove Ølmheim, lokalpolitikarar for Arbeidarpartiet i Sogndal.
Henny-Kristin Asperanden Navarsete og Stig Ove Ølmheim, lokalpolitikarar for Arbeidarpartiet i Sogndal. (Foto: Arbeidarpartiet)

MEININGAR

– Ein velferdsstat i oppløysing gjev svekka beredskap

Samfunnstryggleik og beredskap må vera det offentlege sitt ansvar, meiner Henny-Kristin Asperanden Navarsete og Stig Ove Ølmheim, lokalpolitikarar for Arbeidarpartiet i Sogndal.

Me bur i eit langstrakt land, med store avstandar, vêrutsett kyst mot vest, høge fjell og djupe fjordar. I landet vårt bur folk der du ikkje skulle tru at nokon kunne bu, og takk for det. Mykje av verdiskapinga skjer nettopp i distrikta, men om det framleis skal bu folk her, må det også vera trygt å ferdast, leva og jobba her. Det er mellom anna dette samfunnstryggleik og beredskap handlar om.

Med ulike reformar har regjeringa kutta, konkurranseutsett og gjennomført ei regional sentralisering av statlege arbeidsplassar. I distrikta over heile landet har ambulanse-kutt ført til alvorlege situasjonar for sjuke og til stor utryggheit for innbyggjarane. Trong sjukehusøkonomi har ført til kutt i denne viktige tenesta. I Finnmark vart situasjonen kritisk etter at Babcock overtok ambulanseflytenesta.

I 2018 kom politiet først på staden i berre 15 prosent av alle utrykkingar.

Henny-Kristin Asperanden Navarsete og Stig Ove Ølmheim

Nærpolitireforma, som skulle styrka både etterforskingsmiljø og beredskap, har vist seg å gjera det motsette. I 2018 kom politiet først på staden i berre 15 prosent av alle utrykkingar. Samstundes som reforma i politiet er ein flopp, kuttar regjeringa også hjå domstolane. Dette til tross for at Riksrevisjonen hevdar at domstolane allereie har for få årsverk, og at mangelen på tilsette kan gå ut over rettstryggleik, liv og helse.

Sivilforsvaret har som hovudoppgåve å verna sivile liv om det skulle bryta ut krig. Sivilforsvaret er også ein svært viktig aktør ved andre hendingar og kriser, som til dømes brann, flaum og skred. Deira lokalkunnskap er ofte avgjerande for ei god handtering. Ein rapport frå Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap viser at Sivilforsvaret har eit kritisk etterslep på utstyr. Samtidig er ei ytterlegare sentralisering av denne viktige funksjonen på trappene.

Dei kommunalt tilsette brannfolka vert sett til å demma opp for dei storstilte kutta i dei statlege etatane. I motsetnad til i dei store byane er brannfolka i distrikta ofte deltidstilsette i små stillingar. Brannvesenet var først på skadestaden i over halvparten av utrykkingane i 2018. Fleire stadar vert det lokale brannvesenet oppfordra til å ta kurs for å kunne handtere akutte medisinske behov og dei vert utstyrt med hjartestartar i brannbilane. Tilsette i brannvesenet får opplæring i korleis dei kan avvæpne truande personar med det dei har tilgjengeleg, enten det er med brannøks, kubein eller brannsløkkingsapparat. Denne skjulte ansvarsvridinga skjer samtidig som kommunane får store kutt i offentlege overføringar.

Regjeringa må forstå at dei ikkje kan amputere ein fot og forvente å springa raskare.

Henny-Kristin Asperanden Navarsete og Stig Ove Ølmheim

Beredskap handlar ikkje berre om etatane med blålys på taket. Det handlar om eit breitt spekter av aktørar som er klar når det skjer ei hending. Avinor er ein av desse beredskapsaktørane. For å spara pengar kuttar Avinor i beredskapen. Det har vore døme på at ambulansefly som har måtta snu i lufta fordi dei ikkje kunne landa på grunn av manglande beredskap på flyplassen. No vil Avinor slutta å bruka pengar på røykdykkar-opplæring til sine tilsette og brannfolka på flyplassane får ikkje lov til å gå inn i røykfylte fly for å redda menneskeliv.

Det burde ikkje overraske regjeringa at budsjettkutt i det offentlege medfører store konsekvensar. Når regjeringa seier at dei må bygga ned offentleg sektor for å bli meir effektive, kuttar dei samstundes i viktige samfunnsoppgåver til oss alle. Regjeringa må forstå at dei ikkje kan amputere ein fot og forventa å springa raskare.

At dei begge gav unnvikande svar er kanskje ikkje så rart. Slik er det vel for ein minister i ei rolle som tydelegvis er utan innhald.

Samfunnstryggleik og beredskap må vera det offentlege sitt ansvar. Dette er oppgåver som det offentlege må utføra. Når regjeringa deler opp, privatiserer og sentraliserer statlege arbeidsplassar, fragmenterer dei oppgåvene og gjer samhandling mellom etatane vanskelegare. Det kan ikkje vera bustadadresse som avgjer om du får livreddande hjelp eller ikkje. Sentralisering og konkurranseutsetting av samfunnskritiske oppgåver trugar både kvalitet og tryggleik.

Før den siste av ei rekke endringar i regjeringa, fekk dåverande samfunnstryggleik/beredskapsministar Ingvil Smines Tybring-Gjedde (FrP) direkte spørsmål om beredskap i distrikta. Ho svara unnvikande. Det same gjorde den nyutnemnde distriktsministaren Linda Hofstad Helleland (H) når Arbeidarpartiet i Stortinget sin spørjetime stilte henne 18 spørsmål om korleis ho vil sikra arbeidsplassar, kompetanse og verdiskaping i distrikta. At dei begge gav unnvikande svar er kanskje ikkje så rart. Slik er det vel for ein minister i ei rolle som tydelegvis er utan innhald.

Til toppen