Ein slik nasjonal konferanse er viktig for å skape merksemd kring utfordringane med ras og rasfare rundt om i landet, står det i ei pressemelding frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.
– Konferansen er ein viktig del av arbeidet vårt opp mot Nasjonal transportplan, som Stortinget skal vedta i juni. Kravet frå Nasjonal rassikringsgruppe er at det offentlege vegnettet skal vere sikra mot ras innan 2030. For å sikre alle kjende skredpunkt, treng vi om lag 47 milliardar kroner, seier Åshild Kjelsnes, leiar av den nasjonale rassikringsgruppa og fylkesvaraordførar i Sogn og Fjordane.
Variert program
Det er i år Troms fylkeskommune som har det praktiske ansvaret for å arrangere konferansen, som vert halden på Hotell Clarion Collection Aurora 9. mars. Det førebelse programmet er klart og rommar ei rekke spennande føredrag frå blant andre Samferdsledepartementet, Statens vegvesen, NVE og Universitetssjukehuset i Nord-Norge.
Kvelden før sjølve konferansen vert det ekskursjon til skredpunkt Kattfjordeidet for dei som ønskjer å vere med på det.
Nasjonal rassikringsgruppe
Nasjonal rassikringsgruppe er samansett av sentrale fylkestingsrepresentantar frå Finnmark, Troms, Nordland, Sør-Trøndelag, Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland og Oppland.
Gruppa vart oppretta i 2001, og mandatet er å setje rassikring på den politiske dagsorden og arbeide for å auke rammene til rassikring på veg. Ambisjonen er at det offentlege vegnettet skal vere sikra mot ras innan 2030.