SMÅ ENDRINGAR: Utvendig er det små endringar på BMW 1-serie etter oppgraderinga. Foto: Jan Harry Svendsen
SMÅ ENDRINGAR: Utvendig er det små endringar på BMW 1-serie etter oppgraderinga. Foto: Jan Harry Svendsen

Einar med tre sylindrar

BMW har pussa opp 1-serien. Den største – og beste – nyheita er under panseret.

  • Endret

Bakhjulsdrift og fløyelsmjuk gonge frå ein rekkeseksar. Slik ville ein biltest av ein BMW for tjue år sidan ha starta. Framleis er bakhjulsdrifta på plass, men rekkeseksaren er bytt ut med ein tresylindra dieselmotor i grunnmodellen av 1-serie.

Artikkelen held fram under biletet.

BREIE: Nye baklys er på plass.
BREIE: Nye baklys er på plass.

Intimt og sportsleg

Framanfrå er BMW-nyrene i grillen endra, og luftinntaka har blitt større. Bakfrå stikk dei nye og breie baklysa seg fram. Heller ikkje innvendig er det store endringar om du kjem frå førre utgåve av 1-serie. Det er lett å kjenne seg att i det intime og sportslege førarmiljøet. Eit hjul mellom seta betener skjermen som stolt tronar på toppen av midtkonsollen. Men sjølve det innvendige designet vitnar om at bilen har vore på marknaden ei stund. Berre ta ein titt på handbrekket: i 1-serie er det framleis manuelt.

Artikkelen held fram under biletet.

TRAUST: Bak rattet er det framleis oversiktleg og kvaliteten er høg, men leikent er det ikkje.
TRAUST: Bak rattet er det framleis oversiktleg og kvaliteten er høg, men leikent er det ikkje.

Fløyelsmjuk

Eg trykkjer på startknappen. Den tresylindra dieselmotoren vaknar frå nattdvale, og umiddelbart blir eg litt usikker. For det var vel ein tresylindra motor i denne bilen?
Normalt har nemleg slike motorar ein heilt spesiell karakteristikk. Dei dirrar og vibrerer, samtidig som dei har ein heilt spesiell lyd. Men ikkje her. Motoren er silkemjuk. Ute på vegen leverer han også, og dei 116 hestekreftene gir bilen gode køyreytingar når du er oppe i fart. Akselerasjonen frå 0 til 100 kilometer går unna på rett under 11 sekund, og med eit maksimalt dreiemoment på 270 Nm frå 1750 omdreiingar i minuttet manglar det ikkje på seigdragingsevne – eller på krefter.

Morosam nok

Den 8-trinns automatiske girkassa gjer bilen behageleg lettkøyrd i byen, og tilstrekkeleg sportsleg på landevegen. Padlar bak rattet hadde ikkje testbilen, men girkassa tilpassar seg køyrestilen din og oppfører seg heilt forskjellig om du vel sport eller komfort. Framleis er bakhjulsdrifta på plass i 1-serie, og framleis legg det grunnen for ei litt meir engasjerande køyreoppleving enn kva som er tilfellet med forhjulsdrift.
Dermed kryssar 116d av på dei viktigaste boksane for dei som vel ein BMW. Motoren er villig og silkemjuk, samtidig som bilen er lettkøyrd i byen og morosam på svingete veg.

Artikkelen held fram under biletet.

TRE SYLINDRAR: Den nye dieselmotoren har eit slagvolum på 1,5 liter og yt 116 hestekrefter. Saman med den 8-trinns automatiske girkassa oppfyller han dei fleste behov.
TRE SYLINDRAR: Den nye dieselmotoren har eit slagvolum på 1,5 liter og yt 116 hestekrefter. Saman med den 8-trinns automatiske girkassa oppfyller han dei fleste behov.

Heller ikkje komforten er gløymt. Både fjøringskomfort og det låge innvendige støynivået, saman med ein fin køyrestilling, gjer det lett å leve med 116d i det daglege.
Men ikkje alt er roseraudt. Framleis er 1-serie trongare enn konkurrentane. Innsteget til baksetet er plundrete, og beinplassen er ikkje god. Fokuset ligg som før på føraren.

Framleis kostbar

Samanlikna med konkurrentane i premiumklassen hamnar 116d på same nivå. Både Audi A3, Mercedes A-klasse og Lexus CT200h har automatgir – men berre BMW-ein har tresylindra motor og bakhjulsdrift. Jokeren er Lexusen. Han leverer høg komfort, med si hybride drivlinje.
Ingen av bilane er spesielt tørste. Alle har eitt oppgitt forbruk på rundt 0,4 liter per mil ved blanda køyring. I praksis stemmer desse tala sjeldan, vi målte forbruket på BMW-en til 0,65 liter per mil ved blanda køyring.
Fantasiprega er også grunnprisen. For sjølv ein innstegsmodell som 116d blir fort kostbar når du begynner å sette kryss i lista over ekstrautstyr. Dermed er det lite som eigentleg er forandra med oppgraderinga av 1-serie. Noko budsjettval er bilen ikkje – men motoren gjer han likevel meir attraktiv enn på lenge.
 

Til toppen