Indre Sogn: To brør er av Sogn og Fjordane tingrett dømt til fengsel for å ha valdteke ei kvinne i ein bustad i Sogn i februar i fjor. Bergens Tidende var dei første til å melda om dommen.
Tre austeuropeiske menn stod tiltalte for ugjerninga, men berre dei to brørne møtte då rettssaka starta 11. februar.
Den eine av brørne er dømd til fengsel i fem år og tre månader, den andre fekk fire år og seks månader. Dei to må óg betala 175.000 kroner kvar i oppreisning til kvinna.
Broren som fekk strengast straff har allereie bestemt seg for å anka, opplyser forsvarsadvokat Louis Anda til NRK.
Han nemner to grunnar til anken, for det første mangelen på DNA-bevis, for det andre at offeret ikkje greidde å kjenna att klienten hans på ein TV-skjerm under rettssaka.
Til NRK seier bistandsadvokat Robert Fonn at han er nøgd med dommen, som var i tråd med påstanden han la ned i retten.