EINIGHEIT: Søndag føremiddag kom Staten og Noregs Bondelag til einigheit. Illustrasjonsfoto. 
EINIGHEIT: Søndag føremiddag kom Staten og Noregs Bondelag til einigheit. Illustrasjonsfoto. 

Einigheit i jordbrukoppgjeret 

Staten og Norges Bondelag blei søndag einige om ein avtale i jordbruksoppgjeret. 

Indre Sogn: Søndag var Staten og to organisasjonar i jordbruket, Noregs Bondelag og Norsk bonde- og småbrukslag, i forhandlingar. Forhandlinga enda med at partane kom til einigheit.

For omkring 3 veker sidan kom bondeorganisasjonen med eit krav på 860 millionar kroner. 4.mai kom staten med eit tilbod på 90 millionar kroner. Dette var 770 millionar under kravet til bondeorganisasjonen. Sidan partane var ueinige i summen og korleis pengane skulle fordelast, gjekk dei i forhandling søndag føremiddag.

Fredag gjekk fristen for å komme til einigheit ut, men Staten og Bondelaget har forhandla på overtid. Norsk Bonde- og småbrukslag braut forhandlingane søndag.

- Dette var krevjande forhandlingar. Det at me blei einige eitt og eit halvt døgn på overtid, er eit tydeleg uttrykk for at dette var vanskeleg, sa landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) til NRK.

Forhandlingsresultatet blei klart

Noregs Bondelag klarte å forhandle seg fram til ei totalramme på 350 millionar kroner. Målprisen blei auka med 190 millionar kroner og budsjettstøtta blei auka med 100 millionar kroner.

Fordelinga av midlane var det vanskelegaste punktet i forhandlinga.

- Det viktigaste for oss var å sikre mangfaldet i norsk landbruk. Denne avtalen bringer oss ikkje heilt i mål, men har fått regjeringa med på å utjamne inntektsforskjellane mellom dei store og små bruka, sa leiar i Norges Bondelag Lars Petter Bartnes til NRK.

 

Til toppen