INTERESSERT: Aslak Randmo var ein av få som hadde møtt opp på folkemøtet om kommunesamanslåing i Sogndal. – Det var greitt å få litt info, seier han.
INTERESSERT: Aslak Randmo var ein av få som hadde møtt opp på folkemøtet om kommunesamanslåing i Sogndal. – Det var greitt å få litt info, seier han.

Einsleg svale på folkemøte

Politikarane slit med å skape engasjement rundt kommunesamanslåinga.

Sogndal: Tysdag kveld hadde Sogndal Arbeidarparti invitert til folkemøte for å informere om den føreståande samanslåinga av kommunanen Sogndal, Balestrand og Leikanger.

Problemet var berre at knapt ei sjel møtte opp, viss du ser vekk frå politikarar, eks-politikarar, byråkratar, innleigde talarar og presse.

Ein av dei yttarst få vanlege innbyggjarane som hadde forvilla seg inn i kommunestyresalen var Aslak Randmo frå Sogndal.

– Det var greitt å få litt info, seier han.

GLISSENT: Folkemøtet om kommunesamanslåing greidde ikkje heilt å fenge dei vel elleve tusen innbyggjarane i Sogndal, Leikanger og Balestrand.
GLISSENT: Folkemøtet om kommunesamanslåing greidde ikkje heilt å fenge dei vel elleve tusen innbyggjarane i Sogndal, Leikanger og Balestrand.

Mister retten til å kritisere

Han merka seg òg at medborgarane frå dei tre kommunane glimra med sitt fråvêr denne kvelden.

– Anten så har folk dei har fått den informasjonen dei treng, eller så er dei ikkje så interesserte. Det er eitt av to, seier Randmo.

– Forstår du dei?

– Både ja og nei. Viss du ikkje set deg inn i det som skjer, då kan du heller ikkje kritisera i etterkant, seier han.

– Bør greie å engasjere fleire

Ordførar Jon Håkon Odd i Leikanger kommune skulle helst sett at det var fleire til stades.

TOPP STEMNING: Trass sviktande møte var humøret hos denne trioen på topp etter folkemøtet. Frå venstre: ordførar Jarle Aarvoll i Sogndal, ordførar Jon Håkon Odd i Leikanger og professor Oddbjørn Bukve ved Høgskulen på Vestlandet.

– Eg synst dette er såpass viktig at vi bør greie å engasjere fleire. Eg trur det blir ei av hovudoppgåvene til alle oss politikarar framover no, at vi engasjerer folk til å ta del i å skape denne nye kommunen, seier han.

Han tek likevel ikkje det skrale oppmøtet som eit signal om at innbyggjarane ikkje bryr seg.

– Det tok cirka tre minutt frå Arnstein Menes publiserte kommunenamnet på Facebook til eg fekk første tekstmeldinga med beskjed om å dra til helvete. Så folk er engasjerte. Men mange spørsmåla er så store, at dei er vanskelege å kjenne si deltaking i.

Til toppen