TRENAR MYKJE: Eirik Kinserdal (16) tek sykkelsporten svært seriøst. Kvar veke trenar han i snitt 15 timar på sykkelen for å bli så god som mogleg. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
TRENAR MYKJE: Eirik Kinserdal (16) tek sykkelsporten svært seriøst. Kvar veke trenar han i snitt 15 timar på sykkelen for å bli så god som mogleg. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Eirik (16) trenar 15 timar i veka på sykkel

No ønskjer Eirik Kinserdal å bli så god han kan.

Over fleire år har sykkelstjerner som Dag Otto Lauritzen, Knut Knudsen, Thor Hushovd, Alexander Kristoff og Edvald Boasson Hagen ført til at interessa for sykkelsporten har vakse seg stadig større i Noreg.

For tre-fire år sidan blei Eirik Kinserdal beten av basillen. Faren sykla litt frå før av, og no starta alvoret for sonens del. 16-åringen trenar mellom 10 og 20 timar i veka, eller rundt 700 timar i året, og drøymer om å bli så god som mogleg.

– Eg likar sporten. Det er hardt og tungt, og det krev ikkje så mykje anna enn at du jobbar veldig mykje med det og trenar mykje, seier han.

Prioriterer sykkel

Porten.no møter Kinserdal på Hjelle, klar for ei ny treningsøkt. Han fortel at han tidlegare var innom andre idrettar i ballsport, men fann ut at dette ikkje var noko for han. Pappa sykla litt frå før, og no bestemte 16-åringen seg for å ta pedalane fatt. 

– Dette er eigentleg det einaste eg driv med i tillegg til skulen. Eg har ikkje tid til stort anna. Det hender det blir ein tur på kino. Eg reiser ikkje ut. Eg er med vener kanskje av og til, men då ofte i kombinasjon med styrketrening til dømes.

Han innrømmer at det kan bli litt einsamt på sykkelen til tider, og han skulle ønskja det var fleire som dreiv med det same som han.

Deltek i Norgescupen

I Noreg har sporten blitt stadig meir populær, men framleis er det ikkje så mange utøvarar samanlikna med dei mest populære idrettane.

Artikkelen held fram under biletet.

KLATRESPESIALIST: Med stort sett berre bratte bakkar rundt seg, er det kanskje ikkje så rart at Kinserdal reknar seg for å vera best på klatring.
KLATRESPESIALIST: Med stort sett berre bratte bakkar rundt seg, er det kanskje ikkje så rart at Kinserdal reknar seg for å vera best på klatring.

– No har eg byrja med Norgescup. Det er ganske stort og ganske høgt nivå på med mange deltakarar, så der får du god felttrening og god fysisk trening. Det går fort heile tida, fortel han.

Seinast deltok han på Gylne Gutuer i regi av Ottestad Sykleklubb i midten av mai. Neste ritt er 14. juni. I mellom desse ritta deltek han på såkalla rankingritt. Kinserdal fortel at han ikkje er ranka særleg høgt akkurat no fordi han har delteke på få av desse, men håpar det vil endra seg i laupet av året.

Viktig med planlegging

Kinserdal er ikkje som andre 16-åringar, og det viser kor seriøst han tek sporten han held på med. Han innrømmer at med 20 treningstimar i veka i vinter i tillegg til skule, så gav det litt hovudverk og konsentrasjonsvanskar, men til sjuande og sist handlar alt om planlegging.

– Dei fleste på min alder ligg på så mange treningstimar som dette i veka. Eg legg opp dagen min. Eg køyrer etter ein plan. Eg et etter ein plan og har rette tidspunkt eg et mat på, forklarar han og går i detalj.

– Eg kjem heim frå skulen, et, ventar ein time slik at det får synka litt, så reiser eg ut og trenar, og så gjer eg lekser etter det. Ein må jobba ganske mykje for å lykkast.

– Kor mykje må det til?

– Veldig mykje.

Med svar like spenstige som dei Edvald Boasson Hagen gir, er han langt på veg i riktig retning i det minste.

Frå spøk til alvor. Sjølv om han er like nøktern i svaret sitt om kor langt kan vil nå, som til dømes at han ein dag syklar Tour de France, er det ingen tvil om at dette er ein 16-åring med ambisjonar. 

Klatrespesialist

Sjølv skildrar han seg sjølv som ein klatrar, kanskje ikkje så rart når det berre er tre vegar ut av Øvre Årdal og to av dei byr på ganske heftige stigningar. Kinserdal har ingen spesielle idol, men seier han ser mykje på sporten i tillegg til å utføra den.

– Eg synest det er interessant og spennande. Det er interessant å sjå taktikken og at dei har det ganske hardt dei også. Og så ser ein at det er ganske mykje likt i trening.

Artikkelen held fram under biletet.

LAGSPORT: Kinserdal trenar mest åleine, men sykkel er ein lagsport, og det synest han er interessant når han ser korleis lagkameratane hjelper kvarandre fram.
LAGSPORT: Kinserdal trenar mest åleine, men sykkel er ein lagsport, og det synest han er interessant når han ser korleis lagkameratane hjelper kvarandre fram.

– Eg legg merke til at det er ein lagsport, men eg trenar åleine. Det gjer dei fleste i Noreg som ikkje har noko lag. Ein ser at dei brukar kvarandre og deler på energien, og så er det om å gjera å spara mest mogleg til slutt, forklarar han.

Å sykla i Noreg byr også på nokre utfordringar. Om vinteren er treningstilhøva svært vanskeleg ute. Difor er det godt at sommaren no nærmar seg med stormskritt. Framleis kan det vera litt kaldt på fjellet, men for kvar dag som går er det mindre snø.

Utsett gruppa i trafikken

Som syklist er Kinserdal også i ei utsett gruppa. Vegvesenet og Thor Hushovd har starta kampanje, der ein prøver å skapa gjensidig respekt mellom syklistar og bilistar. Sjølv seier 16-åringen at han har opplevd få farlege situasjonar.

– Eg har møtt nokre, men ikkje mange. Det verste er når trailerane kjem forbi i stor fart. Då kjenner ein dragsuget og må halde seg godt fast i styret. Eg har velta nokre gonger, men aldri på grunn av ein bil.

Stygge skadar er også svært utbreitt hjå syklistane, der kragebeinsbrot kanskje er det som går igjen oftast. Slikt har ungguten framleis ikkje opplevd enno, men for nokre veker sidan velta han og øydelagde ein sykkel. Det er ikkje billige greier. 

No vil berre tida vise kor langt Kinserdal til slutt når. Porten.no kjem til å følgja 16-åringen gjennom denne sesongen og halde våre lesarar oppdatert på korleis han hevdar seg.

Til toppen