SUKSESS: Eirik Bakke tok Sogndal opp i eliteserien på første forsøk. Der har han gjort alle spådomar om nedrykk til skamme.
SUKSESS: Eirik Bakke tok Sogndal opp i eliteserien på første forsøk. Der har han gjort alle spådomar om nedrykk til skamme.

Eirik Bakke nominert til årets trenar

Hamnar i tøff konkurranse med gullvinnar Kåre Ingebritsen og sølvplasserte Lars Arne Nilsen.

Sogndal: Fotballsesongen nærmar seg slutten. Tida er inne for å velge ut dei som har gjort seg fortent til heider for innsatsen.

Norges Fotballforbund, Norsk Toppfotball og Serieforeningen for kvinner har plukka ut både spelarar og trenarar dei meiner er verdige kandidatar i dei ulike kategoriane.

Den einaste representanten frå Sogndal er trenar Eirik Bakke, som saman med Kåre Ingebrigtsen frå Rosenborg og Lars Arne Nilsen frå Brann er med i kampen om å bli årets trenar.

Vinnaren vil bli bestemt basert på det samla resultatet frå ei folkeavstemming på Facebook, ei avstemming blant kapteinane og ei juryvurdering.

Til toppen