RADIO: Eirik Sognnes var på besøk hos Kveldsåpent på NRK P1. Foto: Arkiv
RADIO: Eirik Sognnes var på besøk hos Kveldsåpent på NRK P1. Foto: Arkiv

Eirik får nasjonal merksemd

Eirik Sognnes var på besøk hos NRK P1 der han blei intervjua og fekk spelt låta si «Du og Eg»

Lærdal: I år har Eirik Sognnes kome med eit singelkonsept som har namnet «Heim». I februar kom første låta «Fri meg»  og i April ga han ut låta «Du og Eg»​.

Sognnes har fleire gongar blitt spelt på radio i fylket, men denne gongen var han på besøk hos kveldsåpent på NRK P1. Her fekk han snakka om oppveksten i lærdal,  om at han skulle bli rockestjerne, og sjølve låta. Sjølvsagt fekk lyttarane også høyre den nye låta.

Les også: Når to taparar finn redninga i rocken

– Låta har blitt spelt på radio før, men denne gongen var eg gjest og blei intervjua. Så det var heilt fantastisk å vere der, fortel Eirik Sognnes.

Sognnes har fått mange tilbakemeldingar spesielt frå vennar og familie. – Det er mange som har hørt på og eg har fått høyre mykje positivt. Eg får mykje støtte, spesielt frå familien.

Og der er allereie ein ny låt på veg. – Eg har ein del låtar igjen i konseptet «Heim», neste låt kjem ut i Juni. Elles har eg mange konsert i Bergen området akkurat no. Sognnes kjem også tilbake til heimeplassen. - 6. Juli kjem eg til Lærdal, då blir det meg åleine med gitaren.

Til toppen