MØTTE HUSHOVD: Eirik Kinserdal frå Årdal var ein fleire norske talent som var invitert til Narvik for å delta på Arctic Morgendagens Helter-rittet, der dei blant anna fek treffe verdsmeister på sykkel Thor Hushovd. Foto: Bettina Therese Rognås Ellefsen.
MØTTE HUSHOVD: Eirik Kinserdal frå Årdal var ein fleire norske talent som var invitert til Narvik for å delta på Arctic Morgendagens Helter-rittet, der dei blant anna fek treffe verdsmeister på sykkel Thor Hushovd. Foto: Bettina Therese Rognås Ellefsen.

Eirik frå Årdal fekk treffe Hushovd

I helga deltok Eirik Kinserdal (16) i Arctic Morgendagens Helter-rittet som gjekk av stabelen på avslutningsdagen til Arctic Race of Norway.

Narvik/Årdal: Under opphaldet fekk det spesielt utvalte talentet også møta tidlegare verdsmeister på sykkel Thor Hushovd.

Sykkelrittet i Narvik er eit samarbeid mellom Arctic Race of Norway, Norges Cykleforbund og Statoil, og i overkant av 100 sykkeltalent deltok på lagrittet, der 70 rytterar fordelt over sju ulike sykkelregionar var frå Noreg.

Andre representerte nasjonal var Storbritannia, Frankrike, Russland og Finland. 

Hushovd lot seg imponera

Hushovd er ambassadør for Arctic Morgendagens Helter-rittet som inngår i talentprogrammet til Statoil, og laurdag inviterte «Kongen av slag obboverbakke» dei unge talenta på talenttreff der Hushovd sjølv heldt foredrag.

Der understreka han at det krevst enormt med hard jobbing for å nå elitenivå, men var såleis imponerte over den unge gjengen i nord.

– Eg er imponert over kva dei unge syklistane har vist under Arctic Morgendagens Helter-rittet. Det aller viktigaste framover no er å ha talent for å trena å øva, særleg på dei vanskelege tinga, seier han Hushovd i ei pressemelding.

Stort

For Eirik Kinserdal, som blei nummer 24 i NM i sommar, var det naturlegvis stort å få møta sykkelkongen.

– Det som inspirerer meg med Thor Hushovd er at han viste at det gjekk an å bli god sjølv om du kjem frå vesle Noreg.

I sjølve rittet blei Kinserdal nummer 21. Talenta konkurrerte i ei åtte kilometer lang rundløype. Då proffane sykla siste etappe i Arctic Race of Norway på veg til Narvik for finalerunden, fekk morgendagens helter sjansen til å sykla same løypa som proffane.

– Arctic Morgendagens Helter-rittet gir unge sykkeltalent ein unik sjanse til å utvikla seg og få inspirasjon. Gjennom 10 år med talentutvikling innan idrett, kultur og realfag i programmet Morgendagens Helter er det tydelege fellestrekk mellom dei som lukkast: læringsvilje, glød og lidenskap er fellesnemnarar om ein ønskjer å bli verkeleg god på sykkel, eit instrument eller matematikk, seier Marius Rosenberg Amundsen, sponsorsjef i Statoil.

Til toppen