MUSIKKVIDEO: Sidan sommarvêret lot vente på seg i Noreg, bestemte Eirik Sognnes seg for at det var like greitt å filme den nye musikkvideoen sin i Danmark. Foto: Chris-Håvard Berge.
MUSIKKVIDEO: Sidan sommarvêret lot vente på seg i Noreg, bestemte Eirik Sognnes seg for at det var like greitt å filme den nye musikkvideoen sin i Danmark. Foto: Chris-Håvard Berge.

Eirik måtte til Danmark for å spela inn musikkvideo

Eirik Sognnes venta og venta på finvêret. Til slutt måtte han til Danmark for å spela inn musikkvideo til sommarlåta.

Lærdal: I juni slapp lærdølen Eirik Sognnes sin nyaste singel «Lun Sommarvind». Tanken var at musikkvideoen skulle gjenspegla den sommarlege songen, men den norske sommaren lot venta på seg.

– Eg slapp den låta i juni, og me gjekk eigentleg heile månaden og venta på sola. Me hadde planar om å filma på Runde på Sunnmøre, men vêret kom aldri, så då tenkte me at det ikkje vart noko musikkvideo, fortel Sognnes til Porten.no.

Det var då ein felles ven av kameratgjengen som skulle vera med og laga videoen, ringte. Han fortalte om strålande forhold – i Danmark.

Filma i Skagen

– Han hadde masa i eit år om kor fint det var i Skagen, der han kom frå, og då enda det med at me reiste dit. Det var heilt konge. Nydeleg vêr og nydelege bilete og landskap.

Les også: Lærdøl ute med ny singel

Artikkelen held fram under biletet.

NØGD: Sognnes seier han er godt nøgd med resultatet, som er filma i Skagen.
NØGD: Sognnes seier han er godt nøgd med resultatet, som er filma i Skagen.

Den entusiastiske lærdølen rosar gjengen som har hjelpt han opp i skyene. Chris-Håvard Berge, Atle Remmereit, Tore Åfar og Kent Andreas Sæterøy har alle bidrege til at alt Sognnes trengte å gjera var det han fekk beskjed om, ifølgje han sjølv.

Mykje spelt på radio

– Eg var lit med på manus, men elles er det mange flinke folk som klekkar ut idear til manus og kameravinkel og mange andre ting eg ikkje har peiling på. Eg prøvde å lata desse gutane ha så mykje fridom som mogleg utan nokon føringar.

Sjølv er han godt nøgd med resultatet og meiner videoen formidlar sommar og godkjensla. Han fortel også at låta har blitt godt motteken.

– Den er spelt ein del på NRK Sogn og Fjordane og til og med på P1 nasjonalt, men det kjekkaste er jo å få spelt songen live og få tilbakemeldinga live. Eg har fått spelt litt i sommar, så det er flott.

Til toppen