TILBAKE: Eirik Rode (t.h.) er tilbake i gamleklubben og skal bidra med sin presise venstrefot for eit skadeskutt Årdal. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
TILBAKE: Eirik Rode (t.h.) er tilbake i gamleklubben og skal bidra med sin presise venstrefot for eit skadeskutt Årdal. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Eirik Rode skal hjelpe eit Årdal i spelarnaud

Eirik Rode har meld seg til teneste for Årdal før toppkampen mot Stryn fredag kveld.

Årdal: Papira vart ordna så seint som torsdag, men i tide til at venstrebacken er klar for spel til møtet med Stryn i kveld. Det skriv klubben på si heimeside.

Som Porten.no omtalte torsdag, hadde trenar Ivan Øy ei utfordring med å stille lag til kampen etter som fleire er ute med skade eller må jobba.

– Det at Eirik stiller opp for oss no, er kjempeflott. Det betyr mykje å få ein slik spelar inn akkurat i den situasjonen me er i. Me veit kva Eirik står for, så det er ingen som helst tvil om at dette blir eit viktig tilskot for stammen, seier Øy til klubben si heimeside.

Rode flytta til Bergen for å studera i fjor og har sidan spelt for Lyngbø i 4. divisjon. No er han heime i Sogn på sommarferie og stiller opp.

– Småkrise

Før treninga torsdag, hadde Øy tolv mann klare til kamp, der tre av dei slit med skade. 

– Det er faktisk litt småkrise. Dette kjem veldig ubeleilig. Hadde me fått nokon til å stå for dei som skal jobba, hadde det hjelpt, men det er vanskeleg i desse ferietider. Me er ein liten tropp frå før, og når me får forfall på fem-seks mann, merkast det, sa Øy til Porten.no torsdag.

– Det er typisk. Eg vil påstå at dette er den viktigaste kampen for sesongen. No har me sjansen til å korta ned forspranget til Stryn og Vik og halde tritt med Sogndal 2. Tapar me denne, blir det tøffare til hausten.

Til toppen