Eirik Sognnes har kome ut med årets siste låt

«Før meg heim» er årets siste låt til Lærdølen Eirik Sognnes i «Heim» serien som kom ut sist fredag.

Lærdal: – Det er eigentleg eit veldig dårleg tidspunkt å komme ut med ei ny låt, seier Eirik Sognnes nettopp har sluppet låta «Før meg heim». 

– Eg føler at det er ei vinterlåt, som passar til desember månaden, seier Sognnes. 

Han har no sluppet 4 av dei 5 låtene i «Heim» serien, og den siste kjem ut i februar neste år.

Vanskelege tema

Låtene som Eirik Sognnes skriver har ofte vanskelege tema.

– Ein må tenke gjennom kor ærleg ein har lyst å vere i teksten. Dette er min historie. Eg har sjølv i oppveksten kjent kor følsom ei låt kan vere, seier Sognnes.

– Eg veit eigentleg ikkje om eg treff mange eller få med mine tekstar, men eg har ikkje angra på å vere så open endå.

Meg, ein stol og mobilen min

Dei fire låtene som Sognnes har vore ganske forskjellige. Det er denne låta og den første låta «Fri meg» som han har fått mest og best respons på.

– «Fri meg» og «Før meg heim» er dei som har treft best. Begge to er rå material, berre meg utan noko effektar og få instrument, seier Sognnes.

I den førre låta «kom inn» blei det lagt til ganske mykje sminke både på settet og produksjonen. 

– Denne gongen var det berre meg, ein stol og mobilen min. Eg er veldig nøgd med resultatet. Det er slik som eg såg førre meg.

Meir musikk i 2018

I februar kjem Sognnes ut med den femte låta i serien.

– Eg skal spele litt konsertar neste år. Eg skal for eksempel spele konsert i Bergen i februar. I tillegg håpar eg å få spele litt i sommar. 

Sognnes har ikkje tenkt å sitte i ro til neste år.

– Det blir ein del meir musikk også i 2018. Nok litt meir samfunnskritiske enn «Heim» sangane, seier Sognnes.

Til toppen