SKEPTISK TIL VIKARBYRÅ: Anders Hamre Sveen, nestleiar i Raudt Sogn og Fjordane, har lite til overs for vikarbyrå som prøver å hindre fagorganisering.
SKEPTISK TIL VIKARBYRÅ: Anders Hamre Sveen, nestleiar i Raudt Sogn og Fjordane, har lite til overs for vikarbyrå som prøver å hindre fagorganisering. (Bilde: Privat)

MEININGAR

Eit angrep på retten til fagorganisering

Den auka bruken av vikarbyrå har ført til ei brutalisering av arbeidslivet, skriv Anders Sveen i Raudt i denne kronikken.

Meiningar: På dagbladet.no, klassekampen.no og frifagbevegelse.no kan ein lese om vikarbyrået Propuro der sjefen har sendt 320 tilsette brev der han ber dei om å melde seg ut av Fellesforbundet. På dagbladet.no kunne ein 11. september lese at “Flere hundre ansatte i et bemanningsbyrå på Vestlandet er bedt om å melde seg ut av Fellesforbundet innen en uke”.

Eg kan ikkje skjønne noko anna enn at dette er heilt i strid med § 101 i Grunnlova, som slår fast at “Alle har rett til å skipe, melde seg inn i og melde seg ut av foreiningar, medrekna fagforeiningar (...)” og ILO sin kjernekonvensjon nummer 98 om retten til å organisere seg.

Denne saka er eit eksempel på det Raudt har sagt lenge, nemleg at mykje av brutaliseringa av arbeidslivet kjem som følgje av vikarbyråa. Difor vil Raudt gjeninnføre offentleg arbeidsformidling og innføre eit totalt lovforbod mot dei kommersielle vikarbyråa, jo før jo heller.

Til toppen