GODT KVARTAL: Trass i at totalresultatet etter skatt var 1,1 millionar kroner svakare enn året før i fjerde kvartal, er dette eit av dei beste kvartala i Indre Sogn Bank si historie. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
GODT KVARTAL: Trass i at totalresultatet etter skatt var 1,1 millionar kroner svakare enn året før i fjerde kvartal, er dette eit av dei beste kvartala i Indre Sogn Bank si historie. Foto: Truls Grane Sylvarnes.  (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

Eit av dei beste kvartala i historia

Indre Sogn Sparebank sitt totalresultat for fjerde kvartal vart 1,1 millionar svakare enn ved same periode året før.

Årdal: Likevel er dette eit av dei beste kvartala i banken si historie, skriv Indre Sogn Sparebank i ei pressemelding. Totalresultatet i fjerde kvartal i 2015 var på 26,2 millionar kroner.

Driftsresultatet etter skatt og tap var 17,6 millionar kroner, noko som er 4,5 millionar kroner svakare enn ved same periode i 2014.

Banken sin veksttal syner at utlånsveksten det siste året er på 25,09 millionar kroner, eller 0,70 prosent. Det inkluderer Eika Boligkreditt. Dei har sett ut personkundelån for 983,2 millionar kroner. Innskotsdekninga er 92 prosent.

Eigedomsmeklarselskapet til Indre Sogn Sparebank hadde 93 sak med ein ometnad på 4,4 millionar kroner og eit overskot på 220 000 kroner før skatt i 2015. 

Høgste kontantutbytte på 8 år

Avkastninga per eigenkapitalbevis i fjerde kvartal er 9,18 kroner etter skatt mot 11,71 kroner i same periode i 2014. Styret tilrår eit kontantutbytte på 4 kroner per bevis, noko som er det høgste kontantutbyttet på 8 år.

Banken bokførte eit tap på 900 000 kroner i i fjerde kvartal mot eit tap på 4,3 millionar kroner i same periode året før.

Elles har eigenkapitalen auka til 303,8 millionar kroner per 31. desember 2015 med ein eigenkapitalprosent på 9,20.

Held posisjonen

– Trass hard konkurranse har Indre Sogn Sparebank halde sin posisjon som lokalstyrt og konkurransedyktig bank, skriv dei i pressemeldinga.

Indre Sogn Sparebank er ein av dei største eigarane i Eika Gruppen og Eika Boligkreditt, noko dei meiner er viktig for banken si konkurransekraft og når det gjeld utvikling av tidsriktige produkt. 

Desse to selskapa hadde eit ordinært resultat på 615 millioner kroner per 31. desember, noko som er historisk høgt. 

Til toppen