Indre Sogn: Då ein folkejury møtte laurdag, valte dei ut ti fylkesvåpen som finalistar, av dei vel 600 innsendte forslaga, skriv Sogn og Fjordane fylkeskommune i ei pressemelding.

Dei ti jurymedlemma var i mellom frå 18 og 59 år, og medlem frå Sogndal, Voss, Gaular, Vågsøy og Holmedal representerte Sogn og Fjordane, medan Hordaland var representert ved Bergen, Fitjar, Stord og Lindås.
– Vi er særs glade for det store engasjementet som folk visar for det nye fylkesvåpenet. Talet på innsendte forslag var over all forventing.
– Mange har også ønskt å vera med i folkejuryen. Dermed kunne vi setja saman ei gruppe med medlem frå heile det nye fylket, seier Per Morten Ekerhovd, fylkesdirektør for kultur og idrett i Hordaland fylkeskommune.
Skapa historie

Jurymedlemma hadde alle til felles dei ville ta del i historia, og seie si meining om kva for motiv som skal samle og representere Vestland fylkeskommune, heiter det i pressemeldinga.
– Først så eg raskt gjennom alle forslaga, og plukka ut mine favorittar. Så las eg meg opp på heraldikk, og gjekk gjennom det ein gong til, og såg at eg kunne behalde dei fleste av mine favorittar, seier Renate Rebnord Matre (44) frå Lindås.
Dette var ein populær måte å gå fram på, for dei fleste i juryen. Nokre las gjennom dokumenta på fly, medan andre måtte høyre med familie og vener før dei fann sine fem kandidatar.
Øystein Hassel (25) frå Bergen har vore oppteken av kommunevåpen frå han var liten. Kristian Endal (21) frå Måløy melde seg fordi han synest det er viktig at yngre engasjerer seg.
Susan (40) frå Stord, som har budd i Norge i ti år, melde seg fordi det er viktig for å vise at det ikkje er umogleg for innvandrarar å komme inn i det som har med samfunnet å gjere.
På onsdag i neste veke skal fagjuryen avsløre sine ti favorittmotiv.