KONSERTEN: Koret til Wiener Statopera, Chor der Wiener Staatsoper skal halda konserten i Farnes kyrkje i Årdal i august. Foto: Anne Randine Øverby. 
KONSERTEN: Koret til Wiener Statopera, Chor der Wiener Staatsoper skal halda konserten i Farnes kyrkje i Årdal i august. Foto: Anne Randine Øverby. 

Eit av verdas beste kor kjem til Årdal

I august skal statsoperakoret frå Wien, Chor der Wiener Staatsoper, halda ein eksklusiv konsert i Farnes kyrkje. 

Årdal: Eit av dei fremste songkora i verda kjem til Farnes kyrkje i årdal på sin første turné i Norge nokon gong.

– Det blir den beste konserten i Sogn og Fjordane i år, seier Olav Nese, prest i Årdal til Porten.no. 

Koret til Wiener Statopera, Chor der Wiener Staatsoper, jobbar til dagleg saman med Wiener-filharmonikarane. Konserten i Årdal blir 18. august. 

Store forventningar

Nese håpar på at vertfall 200 tek turen til Farnes kyrkje i august då det verdskjente koret skal ha konsert. I alt vert det seld 350 billettar til konserten. 

– Eg forventar at dette blir ganske stort. Vertfall for oss som likar denne typen musikk. Me kjem til å prøve å få folk hit frå heile fylket, seier Nese. 

Presten avslører at koret også kjem til å øve inn nokre songar på norsk som dei skal framføre. 

– Dette er 52 profesjonelle songarar frå Wien som skal til Årdal og Flåm her i Sogn og Fjordane. Det er ganske stort og ikkje noko me får til så ofte, seier Nese. 

Lottogevinst

Hovedkonserten til Chor der Wiener Staatsoper er i Grieghallen den 21. august, men songarane ville ha ein tur Vestlandet, og då valde dei dei konsert i Farnes kyrkje før dei dreg til Bergen. 

– Dette er eit kor i verdsklasse som kjem til oss. Det blir den største musikkopplevinga  i Farnes kyrkje nokon sinne, seier Nese.

Koret vil synge utdrag av forkjellige operastykke, i tillegg øver dei inn ein del på norsk også.

– No må Sogningane kjenna si besøkelsestid til å kome å høyre korleis det. Dette er ein lottogevinst, seier Nese.

Første besøk i Noreg

Det er første gong koret Wiener Staatsoper besøkjer Noreg og Skandinavia. Opera Bergen er arrangør og samarbeidspartnar for turneen.

Samarbeidet er et resultat av eit langvarig og målretta arbeid for å kunne realisere prosjektet, og blei i januar også anbefalt frå Wiener Staatsopers øvste leiar, operasjef Dominique Meyer.

– Turneen gir ein unik moglegheit for å skapa og byggja kunstfaglege og mellommenneskelege relasjonar mellom Vestlandet og ein av Europas sentrale hovudstader. Innanfor kunstfeltet opera ragar Wien høgt, Anne Randine operaprodusent i Bergen.

Ho meiner at dei tilreisande kunstnarane samstundes vil få ein unik moglegheit til å oppleva Vestlandet gjennom si ferd gjennom tre fylke, dels med buss og dels med båt.

Fremst i verda

Chor der Wiener Staatsoper blir rekna som eit av dei fremste operakora i verda, og har lange og stolte tradisjonar innanfor opera.

Deira daglege samarbeidspartnar er Wiener Philharmoniker, med førestillingar fem av sju kveldar i veka.

Turneprogrammet består av sentrale korparti frå ulike delar av operalitteraturen.

Mange har ein spesiell forkjærleik for store korscener, og vestlendingar i tre fylke vil få ein unik moglegheit til å få oppleva desse som perler på rekke og rad på sin eigen heimstad, framført av nokre av dei ypparste på dette kunstfeltet.


Til toppen