SOGNING I SPEL: Manusforfattaren bak spelet hadde ein god ven frå Lærdal, og visste raskt at det var akkurat det dei såg etter.
SOGNING I SPEL: Manusforfattaren bak spelet hadde ein god ven frå Lærdal, og visste raskt at det var akkurat det dei såg etter. (Foto: Ubisoft)

Eit av verdas største spelselskap lanserer karakter frå Lærdal

Spelet ville ha ein lokal helt som kom frå ein unik, vakker stad, og då fall valet på Lærdal.

Lærdal: Eit av verdas største spelselskap i verda, Ubisoft, lanserer ein ny karakter i persongalleriet sitt. Karakteren heiter Håvard "Ace" Haugland og er frå Lærdal.

LOKAL HELT: Karakteren Håvard er veldig glad i merksemd, fordi han har vakse opp i ei lita bygd, der han blei sett på som ein lokal helt. Foto: Ubisoft

– Vi ville at «operatøren» vår skulle vere frå ein unik, vakker stad. Då vi bestemte oss for Noreg, hadde vi mange alternativ. Ein god ven av meg er frå Lærdal, og eg har sett bilete frå der ho vaks opp, så eg visste at det var akkurat det vi såg etter, sa Leanne Taylor-Giles, manusforfattar i Ubisoft, i ei pressemelding.

Karakteren, som har fått namnet Håvard «Ace» Haugland, er frå Lærdalsøyri og dyktig til å knuse veggar. Han blir no ein del av det Ubisoft-utvikla skytespelet kalla Tom Clancy's Rainbow Six Siege. Det handlar om dei beste «operatørane» i verda – som til dømes norske spesialsoldatar. Dei blir kalla «angriparar» og «forsvararar» og konkurrerer om å vere best.

– Vi var interessert i idéen om ein lokal helt – nokon som tidleg i livet vart lovprisa for det dei hadde oppnådd, og som derfor kanskje har fått eit litt stort ego. Det er ein type person som ofte er i lokalavisa, og som er bygda sin måte å få internasjonal merksemd på, sa Taylor-Giles.

Hjartet er framleis i Noreg

Håvard «Ace» Haugland har fått ei solid bakgrunnshistorie med ei detaljert skildring av eigenskapane og evnene hans. Karakteren er fødd i Lærdal, ein stad Ubisoft skildrar som ei «stille, men historisk» bygd.

Då han var yngre, gjennomførte Håvard førstegongsteneste i militæret, og etterpå vart han med i Heimevernet. Der vart han kjend for å være ein heltemodig kar, og etter kvart vart han innlemma i Forsvarets Spesialkommando. Deretter var Håvard med på ein stor redningsaksjon for FN, og like etterpå fekk han jobbtilbod frå det private militærselskapet, Nighthaven.

Det er gjennom jobben i Nighthaven at du opplever Håvard i spelet. Han er svolten, ikkje berre på naudsituasjonar og redningsaksjonar, men på å bli berømt. Han er veldig glad i merksemd, og det er fordi han har vakse opp i ei lita bygd, der han blei sett på som ein lokal helt. Han likar å utforske verda, for reising gir mange sjansar til å ta fine bilete. Men hjartet til Håvard er framleis i Noreg.

Håpar dette kan få fleire nordmenn til å spele 

Katja, eller «@KatjaWasTaken», er ein av dei beste spelarane av Tom Clancy's Rainbow Six Siege i Noreg, og ho er nøgd med Håvard «Ace» Haugland.

– Eg er veldig spent på at det blir ein norsk karakter i spelet. Frå det eg har sett, kjem han nok til å bli brukt mykje. Ikkje berre fordi han har ein veldig nyttig "gadget" som kan opne meir enn Jordan “Thermite” Trace kan, men han har eit av dei beste våpena i spelet, sa Katja, som har 80 000 følgjarar på Twitch og titusenvis av følgjarar på Twitter og Instagram, i pressemeldinga.

TREKKE NORDMENN: Katja håpar at karakteren Håvard får fleire nordmenn til å spele dette spelet. Foto: Joao Ferreira

Den nye, norske karakteren er ein såkalla angripar, og «S.E.L.M.A.» er namnet på det unike våpenet hans. Våpenet skyt ut ein slags pigg, som har ei ladning med vatn og sprengstoff festa til seg. Det blir brukt til å lage hol i veggar og andre vertikale hinder i spelet, som eksempelvis er nyttig for redningsaksjonar. S.E.L.M.A. kan også bli brukt til å øydelegge enkelte «gadgets».

– Karakteren har litt meir sjanse for å bli stoppa av forsvararane. Men med eit godt samarbeid med dei andre på laget kan han være veldig sterk på angripar-laget. Eg håpar han kan gjere fleire norske folk interesserte i å prøve Rainbow Six, sa Katja.

Til toppen