VETERAN: Brudeparet reiste stilfult frå vigslinga i ein veteranbil. Foto: Andreas Aannevik
VETERAN: Brudeparet reiste stilfult frå vigslinga i ein veteranbil. Foto: Andreas Aannevik

Eit bryllaup av dei sjeldne

Det var høgtidsstemning på skuleplassen ved Tangen skule, då Inger gjekk mot alteret for å gifte seg med Knut tysdag kveld.

Årdalstangen: Damer i flotte kjolar og menn kledd i dress var å sjå då 7. klasse ved Tangen skule laga til bryllup tysdag kveld. Elevane hadde kvar si rolle i førebuinga og under bryllaupet. 

Ute på skuleplassen venta gjestene spent på at brura skulle kome. Brura vart følgd av ein forlovar og tre brudepiker kledd i kjolar. Ved alteret venta brudgommen og to prestar kledd i kvit kappe. Ein brudebil av det sjeldne kjørte dei vidare til fotografering.

Artikkelen held fram under biletet.

BRUDEPIKER: Tre brudepiker og ein forlovar førte bruda fram til alteret.
BRUDEPIKER: Tre brudepiker og ein forlovar førte bruda fram til alteret.

Etter fotograferinga gjekk turen vidare til gymsalen, der det var underhaldning etterfulgt av eit variert kakebord.  I gymsalen venta dei to "toastmasterane" som leia gjestene gjennom festen.

 Kvelden var fylt med talar, vitsar, gode historiar og godt humør. Brudeparet hadde også eige band som framførte kjærleikssongar med høg kvalitet. Noko som sette gjestene i god stemning.

Vil sjå fleire sider

Lærar ved Tangen skule, Ronny Rinde, fortel at formålet med å lage til eit slikt bryllup er at ein får fram fleire sider ved elevane.

IMPONERTE: Det var god stemning då bandet imponerte gjestene.
IMPONERTE: Det var god stemning då bandet imponerte gjestene.

– Elevane har kvar sine sterke sider på ulike felt. Desse sidene er veldig viktig å få fram i elevane. Me har hatt ulike grupper, som fekk ansvar for kvar sine felt. Me hadde blant anna ei pressegruppe, pyntegruppe, underhaldningsgruppe, kjøkkengruppe og enda meir. Elevane har sjølv valt kva slags gruppe dei vil vere på. 

– Under førebuinga har me lagt vekt på dette med teamwork og at me er avhengige av kvarande. Me har også vore oppteken av strategi og planleggjingsprosessar. Dei har stått på i fleire veker for å få dette til.

Rinde legg til at det er viktig å motivere elevane, difor er det svært viktig med varierte undervisningsmetodar der det er mykje læring. 

Elevane dekka bryllupet økonomisk sjølv med pengar frå skuleavisa dei har solgt tidlegare. Dei viste at dei var godt førebudde og gjennomførte rollene sine med glans.

Til toppen