SOSIALE RETTAR: – Noko eg er spesielt oppteken av, er sosiale rettar til sjølvstendig næringsdrivande, skriv stortingsrepresentant og 1. kandidat for Venstre i Sogn og Fjordane – Sveinung Rotevatn.
SOSIALE RETTAR: – Noko eg er spesielt oppteken av, er sosiale rettar til sjølvstendig næringsdrivande, skriv stortingsrepresentant og 1. kandidat for Venstre i Sogn og Fjordane – Sveinung Rotevatn.

Eit budsjett for framtida

– Venstre har prioritert fleire nye jobbar, mindre barnefattigdom og eit hav utan plast, skriv Sveinung Rotevatn.

Onsdag 7. juni vart Venstre einig med regjeringa og KrF om revidert nasjonalbudsjett. Venstre har prioritert fleire nye jobbar, mindre barnefattigdom og eit hav utan plast. I tillegg har betre undervisning til elevar gjennom meir vidareutdanning av lærarar vore viktig.

Noko eg er spesielt oppteken av, er sosiale rettar til sjølvstendig næringsdrivande. No får dei betre sjukeløn og utvida pensjon. Dette vil gjere det lettare å starte eige selskap. I tillegg har vi fått gjennomslag for skattelette for investeringar i nystarta bedrifter.
 
Høgare utdanning er heilt avgjerande for å ruste Norge for framtida. No har vi mellom anna fått til 250 nye studieplassar innan IKT. Eg er òg veldig glad for at vidareutdanningstilbodet til lærarar utvidast frå 2018. No får elevar betre lærarar i samfunnsfag, naturfag og historie.
 
Men ei av dei mest sårbare gruppa i samfunnet, er borna. Venstre har alltid jobba for at barn ikkje skal vokse opp i fattigdom. Alle barn skal ha dei same moglegheiter i livet, uansett kor mykje pengar foreldra deira har. Difor har vi sikra gratis kjernetid i barnehage for låginntektsfamiliar. No er inntektsgrensa for familiane auka til 450 000 kronar. No får fleire barn glede av tilbodet. Vi gir òg 25 millionar kronar meir til innsats mot barnefattigdom. Det er mellom anna ei øyremerking til sommarleir for barn i familiar med rusproblem.

Den siste tida har ein lest om nye krav til kartlegging av skred- og flaumfare før folk får lov til å bygge hus. Dette arbeidet frå NVE si side går alt for tregt. I mange kommunar her på Vestlandet er det i praksis innført byggeforbod fram til staten får kartlagt områda ordentleg. Dette er uhaldbart. Difor har Venstre fått inn ytterlegare 5 millionar kronar i ressursar til NVE så dei får fart på dette viktige arbeidet.
 
Ein av dei viktigaste sakane i vår tid er klima. Spesielt havet er troga. I mai har eg plukka mykje plast saman med engasjerte folk som brukar fridagane sine til å fjerne plast långs fjordane våre. Men dette er ikkje nok. Vi på Stortinget har òg eit ansvar for å halde havet reint. Eg er difor glad for at vi får 20 millionar kronar ekstra for tiltak til eit hav utan plast.

Likevel er det grenser for kor mykje pengar staten bør bruke. Venstre vil ha eit ansvarleg budsjett. Difor er alle auka utgiftar motsvart av lågare utgiftar på andre postar, så oljepengebruken ikkje vert større. Dette er det siste budsjettforliket i denne stortingsperioden - og eg er kjempeglad for at vi no rustar Noreg for tida som kjem. Venstre er på lag med framtida. Men vi må fortsette å satse på ho - gjennom ein betre skule, nye arbeidsplassar og eit ordentleg grønt skifte.

Til toppen