STREKKJER SEG LENGRE: Den nye batteripakka i Zoe gjer den ikkje noko sprekare, men doblar rekkjevidda. FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema.
STREKKJER SEG LENGRE: Den nye batteripakka i Zoe gjer den ikkje noko sprekare, men doblar rekkjevidda. FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema.

Eit egg med rekkjevidde

Renault Zoe leverer no 40 mils rekkjevidde på papiret. Sjølv om bilen ikkje er i nærleiken av dette i verkelegheita, byr nye Zoe på ein mykje enklare kvardag enn det førre versjon gjorde.

For kort tid sidan var ein tur med elbil til svigermor knapt mogleg utan ein lengre ladepause når ein var kommen fram. Elbilar med ein realistisk kapasitet på litt over 10 mil blir stusslege saker når ein også skal heim igjen innan rimeleg tid.

Den siste tida har fleire av dei «vanlege» elbilane fått ei heilt anna rekkjevidde takka vere nye batteripakker, og best av dei alle er Renault Zoe. Her får vi ei solid oppgradering, frå batteri med ein kapasitet på 22 kWh til 41 kWh. Dermed er Zoe den første av dei mindre elbilane som er leveringsklar med ei rekkjevidde på over 40 mil.

Teoretisk

No skal det seiast at dette er det ein kan kalle eit teoretisk tal. For å klare 40 mil utan ladepause må ein køyre på den flataste vegen i verda, i medvind og aller helst i eit laboratorium. Har ein betre kontakt med verkelegheita, vil rundt 30 mil vere meir realistisk, dersom vi er i den lyse enden av året. Ein slapsete vårdag med null grader og regn i lufta er vi nede mot 20 mil, noko bilen sjølv opplyste om då vi sette oss inn.

Artikkelen held fram under biletet.

FINE FORMER: Renault har tenkt heilskap, ein finn gjennomtenkte detaljar over heile bilen.
FINE FORMER: Renault har tenkt heilskap, ein finn gjennomtenkte detaljar over heile bilen.

No skal vi ikkje hisse oss for mykje opp over dette. Drygt 20 mil gir eit heilt anna spelerom enn halve lengda. Med nye Zoe kan svigermor bu lenger unna, og ein er likevel fri til å dra heim når ein vil.

God plass

I det daglege betyr den auka kapasiteten at lading ikkje er ein stadig føresetnad, men noko ein gjer når det passar. Dermed har Zoe blitt ein bil som også er brukbar for folk som bur i by, utan eigen ladeplass. Noko som stemmer godt overeins med den fysiske framtoningen til bilen, drygt fire meter frå front til hekk betyr at den er nær 20 centimeter kortare enn Volkswagen Golf. Altså er det ikkje noko i vegen for å kalle Zoe ein småbil eller ein bybil.

Artikkelen held fram under biletet.

LYS: Uansett utstyrsnivå er optiske bi-halogenlykter og LED-kjørelys standard.
LYS: Uansett utstyrsnivå er optiske bi-halogenlykter og LED-kjørelys standard.

Samtidig har den fem dører og bra med innvendig plass. Dette er blant anna løyst ved at den er relativt høg (10 centimeter høgare enn Golf), noko som gir ei god romkjensle i kupeen og gjer at batteria i botnen ikkje et opp den innvendige plassen. Bagasjeplassen er også rimeleg bra med 338 liter, så å seie det same som e-Golf.

Renault har også treft bra med designen. Som ein moderne småbil ser den fin ut, med gode proporsjonar og reine linjer i ei slags eggform. Den har karakter utan å bli rar.

Dette har designarane tatt med seg inn. Der er det reine former og flater, og lett å finne fram. Testbilen hadde lyst interiør, noko som ikkje er av det smartaste. Det gir gjenskin i vindauga – og korleis interiøret ser ut etter eit par års bruk, kan ein tenkje seg. Det er elles enkelt og funksjonelt, men bygt i litt billige material som ser endå simplare ut i den lyse gråtonen i testbilen.

Artikkelen held fram under biletet.

ENKELT: Interiøret er funksjonelt, laga i svært enkle material.
ENKELT: Interiøret er funksjonelt, laga i svært enkle material.

Lett å trivast i

Køyreeigenskapane er typisk småbil. Zoe kjennest ganske spretten, men ikkje på ein særleg positiv måte. Understellet klarer ikkje å handtere dårleg underlag på overtydande vis. Her spelar nok vekta inn, 1,5 tonn er mykje for ein så liten bil. Det verkar ikkje som fjører og demparar heilt er vaksne nok for den oppgåva. Den korte akselavstanden gjer også at bilen ikkje er vidare stabil.

Sjølve drivverket er fint. Zoe er elbilkvikk, og på landevegen har den ikkje meir vind- og dekkstøy enn ein kan vente i ein bil av denne storleiken. Seta er litt flate, så ein sklir litt rundt om det er svingete veg. Eit irritasjonsmoment var spylardysene til frontruta, dei var så vidt i stand til å skvette nokre dropar nedst på ruta. I kombinasjon med viskarar som ikkje var vidare presise, var rein frontrute noko som berre var tilgjengeleg i sekund etter at ein køyrde ut frå ein bensinstasjon.

Sjølv om den har nokre avgrensingar, er det lett å trivast i ein Zoe. Det er ein bil som er gøyal å sjå på og gir ei lettbeint køyrekjensle. Med dei ekstra mila i rekkjevidde er det også eit heilt anna komfortnivå enn då ein måtte vere på utkikk etter ladestolpar ein halvtime inn i turen.

TEKNOLOGI: Det større batteriet får hjelp av ny teknologi for å makse rekkjevidda. Bilen har eit nytt system for å vinne att bremseenergien, ei varmepumpe og spesialdesigna dekk frå Michelin.
TEKNOLOGI: Det større batteriet får hjelp av ny teknologi for å makse rekkjevidda. Bilen har eit nytt system for å vinne att bremseenergien, ei varmepumpe og spesialdesigna dekk frå Michelin.
Til toppen