SKYTTARTALENT: Helene Johansen Vikøren på seniorlandslaget under EM i Ungarn. Foto: Nina Johansen.
SKYTTARTALENT: Helene Johansen Vikøren på seniorlandslaget under EM i Ungarn. Foto: Nina Johansen.

Eit fantastisk EM-eventyr 

Tidlegare i år vart skyttaren Helene Johansen Vikøren tatt ut til EM i luftrifle på seniorlandslaget. Dette var stort for 18-åringen frå Årdal. Søndag var det slutt på EM for denne gong.  

Årdal: Tysdag sette familien Johansen Vikøren kursen mot Ungarn. Eit fantastisk EM-eventyr var i gang. Skyttartalentet Helene Johansen Vikøren kan fortelje om ei stor oppleving.

Helene vart tidlegare i år tatt ut på seniorlandslaget i luftrifle. Eigentleg er ho junior, men skyttartalentet hevda seg blant dei store og vart tatt ut til seniorlandslaget.

Ho er godt nøgd med eigne prestasjonar i EM, som vart avslutta søndag. Helene havna midt på lista med ein poengsum på 409,9.

- Eg er veldig nøgd med min eigen prestasjon, seier ho stolt.

Artikkelen held fram under biletet

AUDI ARENA GYOR: Helene i aksjon under EM.
AUDI ARENA GYOR: Helene i aksjon under EM.

Stor oppleving

- Det er eit veldig godt miljø blant den norske gjengen og eg har blitt tatt godt i mot av seniorane.

Ho fortel at det har vore ei stor oppleving å delta i EM.

- Det har vore veldig gøy og eg har fått mykje god erfaring som eg kan ta med meg vidare, fortel ho ivrig.

Familien som reiste saman til Ungarn tysdag, har hatt god tid til både skyting og ferie.

- Me har vore her lenge, så det har blitt litt tid utanom skytinga også. Då har me funne på andre morosame ting.

Slutt for denne gong

Søndag er siste dag i EM og for Helene betyr det at turen går heim etter eit fantastisk EM-eventyr.

- Alt i alt er eg veldig nøgd med EM. Å få vere med seniorlandslaget i EM har lenge vore ein draum, og no er den oppfylt, avsluttar ho.

Til toppen