TRAGISK HISTORIE: Torturseng som vart brukt for å få "forrædarar" til å tilstå.
TRAGISK HISTORIE: Torturseng som vart brukt for å få "forrædarar" til å tilstå. (Foto: Johannes Morken)

MEININGAR

Eit folkemord som har fulgt meg i 40 år

På dei tre åra eg gjekk på gymnaset i Sogndal, slo ein kommunistisk gerilja i Kambodsja ihel kring to millionar av sitt eige folk. Vel 40 år seinare kom eg til det herja landet og fekk sjå blodspor og hovudskallar.

Meiningar: I gymnasåra mine frå 1975 til 1978 vart mellom 1,7 og 2,2 millionar utrydda av ein kommunistgerilja som skulle «frigjera» folket i Kambodsja etter amerikansk bombing under Vietnam-krigen.

Men «frigjeringa» var grufull.

ENGASJERT: Johannes Morken Foto: Privat

Folket i byane vart tvinga ut på landsbygda for å dyrka ris. Det var «År null» i ei ny tidsrekning. Eit kommunistisk «idealsamfunn» skulle byggjast, med drap og svolt. Religion og pengar vart avskaffa. Dei med utdanning og «avvik» vart drepne.

Folkemord og boikott

Det tok tid før historiene kom ut. Men ikkje minst utover i 1977 blei det tydeleg kva bestialitet som gjekk føre seg. Flyktningar som kom seg til nabolandet Thailand, fortalde.

Gjennom Kirkens Nødhjelp organiserte vi Operasjon Dagsverk for kambodsjanske flyktningar i Thailand. Eg fekk fronta prosjektet på landsmøtet i Norges Gymnasiastsamband i Trondheim i februar 1978.

Så måtte vi diverre oppleva at heile venstresida, AUF, Sosialistisk Ungdom og Raud Ungdom, kalla historiene amerikansk-inspirerte løgner og boikotta innsamlinga. Det får dei svara for sjølve.

Sanninga kom for ein dag.

GRUFULLT: Opptil 2,2 millionar menneske mista livet i folkemordet i Kambodsja. Foto: Johannes Morken

Folkemordet vart stogga av Vietnam i jula 1978. At Raude Khmer fekk representera Kambodsja i FN i årevis etterpå, får dei svara for som ikkje protesterte og som hadde støtta USAs krigføring.

Konfronterte tortursjefen

«Kamerat Duch» var leiar for tortursenteret Tuol Sleng i hovudstaden Phnom Penh. Hit kom lastebil på lastebil med «forrædarar».

Berre 12 kom levande frå det.

I 1978 sat eg på ein liten hybel i Sogndal og skreiv kronikk etter kronikk om folkemordet. 41 år etter kunne eg i fjor oppskaka og nedtrykt koma til Kambodsja. Blodmerka etter torturen skreik imot meg frå veggane.

Offera stirte på meg.

Utstilt torturutstyr fortalde om grufulle smerter. Då dei torturerte «tilstod», venta ein ny lastebil som tok dei til «Dødsmarkene» ei mils veg sør for byen. Der vandra eg mellom hovudskallar og massegraver. Eg stogga ved treet som barn vart slengde mot med hovudet først. Barna skulle ikkje få hemna foreldra. Høg musikk skulle overdøyva skrika.

Prøvde å lura seg unna

«Kamerat Duch» konverterte til kristendommen. Han løynde seg i årevis etter folkemordet, under nytt namn.

Men i 1999 introduserte han seg for ein journalist.

Då tortursjefen blei avslørt, melde han seg for eit krigsforbrytartribunal og fekk livsvarig fengsel. I rettssaka bad tortursjefen om orsaking for vel 12 000 drap, men hevda at han berre følgde ordre og at han sjølv ikkje deltok.

TRAGISK HISTORIE: Torturseng som vart brukt for å få "forrædarar" til å tilstå. Foto: Johannes Morken

Ein kjend filmskapar, Rithy Panh, skreiv bok etter å ha konfrontert og intervjua tortursjefen før rettssaka. Forfattaren hadde så vidt overlevd tvangsarbeidet som tok livet av mora, faren og søstrene hans. I boka framstiller tortursjefen seg som eit offer.

12.000 brutalt drepne

«Ville du klart deg betre?» spør «kamerat Duch». «Døden er med meg natt og dag». «Døden er med meg også, men vi er ikkje på same lag», svarar den overlevande. «Torturisten og drapsmannen kan leggja ned macheten. Offeret er aldri fritt.»

Forfattaren tok opp eit bilete av kommandanten som snakka i mikrofon. Tortursjefen utbraut: «Sjå på andletet mitt. Det er ikkje eit trist andlet, det er andletet til ein som ivrig forklarar essensen i språket sitt. Eit språk for drap.» «Duch» lo då han fortalde at han ikkje visste at fangar fekk elektrosjokk i torturfengselet. Der vart levande menneske tappa tomme for blod til krigarane. 2. september døydde tortursjefen.

12 000 brutalt drepne frå folkemordet kviler tungt over minnet hans.

Til toppen