Sogndal: Før kampen mot Brann vart Sabanovic heidra med eitt minutts applaus. For åtte dagar sidan døydde den omtykte vaktmeistaren etter lengre tids kreftsjukdom.

For trenar Eirik Bakke var det spesielt å sjå ein ven og kollega bli heidra av heile bygda.
– Han har fortent det og fantastisk av begge supportarane å applaudere han på ein slik måte. Det var det største augeblikket i kampen i dag, seier Bakke.
Også kaptein Henrik Furebotn har berre gode minner frå den joviale vaktmeistaren. Det han først og fremst vil hugse er det gode smilet og den utadvendte veremåten.
– Han klemte så og seie alle spelarane kvar dag vi såg han. Han var ein fin mann, ein alle på laget kjem til å sakne, seier Furebotn.
