VARIANTAR: Opel Mokka X kan leverast i to ulike bensinvariantar, med 140 eller 152 hestekrefter, og éin diesel på 136 hestekrefter. Alle har valet mellom to- eller firehjulstrekk. Billigaste er 140 bensin med forhjulstrekk til 260.000 kroner. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix.

Eit gjennomsnittleg godt kjøp

Opel prøver å få Mokka X til å stå fram som «premium». Men ei lang utstyrsliste er ikkje nok.

Opel Mokka X er ein bil for folk som berre har behov for ein kompaktbil, men ønskjer seg ein SUV. Ein får den same innvendige plassen som i ein kompaktbil, i tillegg ei høgreist køyrestilling og litt ekstra bakkeklaring.

Varianten vi har testa, har også firehjulstrekk, slik at evna til å ta seg fram faktisk matchar utsjånaden. Bilen har nettopp fått seg ei oppdatering, derav X-en etter namnet Mokka.

Opel har dei siste åra jobba med å betre imaget sitt, noko som har vore heilt nødvendig. Frå millieniumsskiftet til dag har Opel hatt same formkurve som det norske fotballandslaget – dei har gått frå medaljeplass på salsstatistikken til ein 15.-plass i fjor.

Artikkelen held fram under biletet.

HØG: Mokka X er ikkje så lang, men han er høg, høgare enn konkurrentane. Nærmare bestemt 167 centimeter frå bakken til takrailsen.
HØG: Mokka X er ikkje så lang, men han er høg, høgare enn konkurrentane. Nærmare bestemt 167 centimeter frå bakken til takrailsen.

Ei av årsakene har vore ein solid mangel på modellar av interesse for norske kundar. Det betra seg litt då Mokka kom på marknaden for tre år sidan, og han er per i dag Opels mest selde modell her til lands.

Høgt utstyrsnivå

Dei seinare åra har også merket jobba med å auke følelsen av eksklusivitet, ved å få inn noko av det som populært vert kalla «premium». Det inneber blant anna svært fyldige utstyrspakker, men utan at prisen har tatt springfart. Testbilen har det høgste nivået, som dei har kalla nettopp Premium, og det er ein imponerande pakke med utstyr som for kort tid sidan ville betydd at bilen var ein luksusbil til over millionen.

Artikkelen held fram under biletet.

GRILL: Opel Mokka X har fått ei lita utvendig oppgradering, med blant anna ein ny grill.
GRILL: Opel Mokka X har fått ei lita utvendig oppgradering, med blant anna ein ny grill.

Her er det adaptive LED-lys, Bose-stereo, avansert navigasjon, elektriske sete, parkeringsassistent, nøkkellaus døropning og start, sotete bakvindauge og så vidare. I tillegg har han, som dei fleste nye Opel-modellar, OnStar-system som er eitt av dei mest komplette hjelpesystema til bil i dag.

Sløv girkasse

Med firehjulstrekk, ein bensinmotor på 150 hestekrefter og ein pris på 375.000 kroner er dette rett og slett ein ganske imponerande pakke.

Samtidig må ein ikkje bli villeia til å tru at dette faktisk er ein premiumbil, då blir ein skuffa. For ordet «premium» går ikkje berre på utstyr, men karakteriserer ein totalpakke der kvalitetsnivået på alle komponentar samla gjer at det som vert kalla «opplevd kvalitet» er eit stykke over gjennomsnittet.

Artikkelen held fram under biletet.

GREI PLASS: Bagasjerommet skal ta 356 liter, men det er verdt å merke seg at det har reservehjul.
GREI PLASS: Bagasjerommet skal ta 356 liter, men det er verdt å merke seg at det har reservehjul.

Her er ikkje Opel. Drivlina er ikkje spesielt god, særleg ei sløv girkasse tar bort det meste av piffen frå motoren. Sjølve køyreopplevinga er heilt grei, understellet på bilen har eit riktig oppsett som gir bra nok komfort, men han følast tung når ein vil køyre forbi eller i det heile tatt akselerere.

Midt på treet

Interiøret er heller ikkje over gjennomsnittleg. Sjølv om bilen har masse utstyr, er verken utsjånaden, utføringa eller handverket noko å skrive heim om. Og det er langt på veg heilt greitt! I sin sjanger er Mokka X eit heilt fint kjøp, du får det du betaler for, og vel så det, men det er ein grunn til at for eksempel den rykande ferske Audi Q2 kostar meir. Der er alle detaljar litt betre, motoren litt friskare, girkassen raskare, utsjånad litt kulare og prisen langt høgare.

Opel Mokka X er ein bil som leverer i eit sjikt som er midt i haugen, der også dei aller fleste kundane er.

Artikkelen held fram under biletet.

INTERIØR: Opel byr på eit ryddig interiør og eit svært høgt utstyrsnivå. Seta i bilar med premium-pakke er svært gode.
INTERIØR: Opel byr på eit ryddig interiør og eit svært høgt utstyrsnivå. Seta i bilar med premium-pakke er svært gode.
Til toppen