NEDLAGT: Campinghyttene i Sløbakken har ikkje vorte brukt på mange år, difor er politikarane positive til at området kan regulerast om til bustader. Arkivfoto: Ole Ramshus Sælthun
NEDLAGT: Campinghyttene i Sløbakken har ikkje vorte brukt på mange år, difor er politikarane positive til at området kan regulerast om til bustader. Arkivfoto: Ole Ramshus Sælthun

– Eit godt signal for årdalssamfunnet

Formannskapet i Årdal er postive til å få bustader i Sløbakken, og vil setja nokre fristar så ikkje planane kokar vekk i kålen enno ei gong.

Årdal: - Ap tykkjer dette er eit godt signal for årdalssamfunnet. Her har me ein aktør som tydelegvis er med på å stetta eit behov i Årdal, og som sjølv tykkjer er interessant. Det viser ei haldning me som politikarar kan dra litt optimisme ut av, sa Hilmar Høl (Ap).

Even Aarethun ønskjer å byggja bustader i Sløbakken, der det no ligg ein nedlagt campingplass. Utbyggjaren har sendt kommunen ein planomtale, og formannskapet tysdag skulle ta saka vidare.

Les også: Her kan det koma rekkjehus

Aarethun sa til Porten i førre veke at endeleg konsept ikkje er bestemt, men at rekkjehus er ein av moglegheitene. Høl nemnde i formannskapet at det spesielt er behov for bustader som passar til eldre og yngre i etableringsfasen.

– Svært attraktivt område om det blir aktivitet i Dooria-bygget

– Me veit at me har mange eldre som kan vurdera å gå til ein enklare leilegheit. Det er også eit behov opp mot ungdommar som er førstegongsetablerar. 

SPØRSMÅL: Erling Offerdal (Sp) var klar på at pariet hans er positive til planane, men reiste også nokre spørsmål. Arkivfoto
SPØRSMÅL: Erling Offerdal (Sp) var klar på at pariet hans er positive til planane, men reiste også nokre spørsmål. Arkivfoto

Erling Offerdal sa at Senterpartiet også er positive, men han hadde nokre spørsmål:

– Er det utbyggjar som eig grunnen? Det blir hevda noko anna på bygdi her. Og kunne det vera mogleg å setja nokre fristar, seier så me er sikre på at det blir gjort noko med dette no? Det er gått mange rundar i denne saka, og vil ikkje koma opp i ein ny slik situasjon.

Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap) sa aseg einig med Offerdal i at det var behov for nokre fristar, og streka vidare under at området vil vera svært attraktivt om ein får aktivitet i Dooria-bygget.

Les også: Hydrogen-satsing: – Ser på korleis me kan kople Årdal på

– Trygt utbyggingsareal i høve ras

Sandra Opheim (Miljøpartiet dei grøne) var også positiv, men hadde følgjande spørsmål:

– Om det er rasfare i området kan ein vel ikkje regulera det om til bustader?

Byggjesakshandsamar Johannes Myrmel kom med nokre avklaringar og nemnde mellom anna at NAF avdeling Årdal er heimelshavar på noko av området i følgje eigedomsregisteret. Vidare sa han:

– Alt av utbyggingsareal ligg i areal som i høve ras er vurdert som trygt no.

Det vart så noko diskusjon om korvidt det ligg føre ein avtale mellom NAF og Årdal, vidare nemnd at slike tilhøve ville koma fram gjennom høyringsrunden.

Dermed vedtok formannskapet å senda saka ut på høyring, og at ein skal sjå nærare på eigartilhøva og tidsfristar i det vidare.

Til toppen