DUELL: Folke-SUV-ar med premium appell: Land Rover Discovery Sport og Jeep Cherokee. Foto: Øivind Skar
DUELL: Folke-SUV-ar med premium appell: Land Rover Discovery Sport og Jeep Cherokee. Foto: Øivind Skar

Eit hav imellom

Det er eit hav mellom Land Rover Discovery Sport og Jeep Cherokee: Atlanterhavet. Likevel er bilane ganske jamne. Men vi vel briten.

  • Endret

Ein stor (og for nokre: veldig viktig) forskjell på Jeepen og Land Roveren melde seg ganske tidleg. Eg hadde køyrt Jeepen nokre dagar allereie før vi la ut på testturen, og eg merka at eg fekk ein tendens til å skru opp volumet kvar gong ein låt med litt tyngde vart spelt på musikkanlegget – det vere seg Green Day, Kanye West, Mars Volta eller Linkin Park.

Artikkelen held fram under biletet

TEK SEG FRAM: Jeep Cherokee og Land Rover Discovery Sport stoppar knapt når vegen tek slutt.
TEK SEG FRAM: Jeep Cherokee og Land Rover Discovery Sport stoppar knapt når vegen tek slutt.

Og Jeepen klarer det. Eg trur aldri eg har opplevd eit bilanlegg som både maskerer dei tekniske kvalitetsavgrensingane som ligg i Bluetooth-streaming av Spotify-musikk så godt, og som samtidig spelar så klart og høgt. Og det heilt utan at anlegget har eit fancy hi-fi-merkenamn på høgtalarane.

Touch me

Eg legg merke til at Land Roveren vi har med oss, ikkje har det Meridian-merka anlegget som er å finne blant ekstrautstyret. Eg veit ikkje akkurat korleis Meridian-anlegget spelar, men det må uansett vere betre enn standardoppsettet. For det skuffar.

Artikkelen held fram under biletet

LAND ROVER: Klar premium bilkjensle med dette interiøret.
LAND ROVER: Klar premium bilkjensle med dette interiøret.

Det er veldig trist, no som Land Rover endeleg har fått eit infotainmentsystem som både ser ut og kjennest moderne. Det er også veldig leit at dei har valt å behalde peikeskjerm, og ikkje har ei sentral styreeining som BMW og fleire andre. Men menystruktur, grafikk og funksjoner er veldig bra. Til og med betre enn på trykkskjermane til Volkswagen.

Artikkelen held fram under biletet

LAND ROVER: Ikkje enkelt å komme ut av den tredje seterekkja.
LAND ROVER: Ikkje enkelt å komme ut av den tredje seterekkja.

Easter eggs

Jeep Cherokee er utvilsamt meir frampå enn Land Roveren. Han tør vise seg fram, han vil vise seg fram. Han sleng «how are you?» og «good to see you, man!» om seg med eit svært smil. Alt han gjer, osar sjølvtillit. Innvendig og utvendig er den smakfullt «chunky», med store dørhandtak, ein svær infoskjerm (som også er fin i bruk) og ein diger girspake.

Men det mest morosame er alle dei små referansane til Jeep-historia spreidd rundt i bilen. Nedst på frontruta er det ein silhuett av den gamle Willys-Jeepen. I rattet står det «Since 1941». Under sitteputa til passasjeren framme (på bilar med stoffsete) er eit kart og koordinata til Hell's Revenge i Utah (kjend offroad-stad, spesielt for Jeep-eigarar).

Artikkelen held fram under biletet

LAND ROVER: Mogleg å sitte sjølv for vaksne i bakre seterad.
LAND ROVER: Mogleg å sitte sjølv for vaksne i bakre seterad.

Og Jeep har all grunn til å vere stolte. Cherokee er ein god bil. Han køyrer overraskande godt. 170-hestaren dreg sterkt nok, og sjølv om han støyar litt ved pådrag, kjennest han veldig godt tilpassa bilen. Girkassa med ni trinn fungerer også bra – men verkar litt seigare enn kassa i Land Roveren.

Chunky charm

Sittestillinga blir rett nok ikkje perfekt. Rattet har ikkje nok justering i lengderetninga, så eg blir enten sitjande med veldig bøygde bein eller veldig strekte armar. Interiøret elles verkar godt samanskrudd. Blinklyshendelen er litt tyngre vekta enn på dei fleste andre bilar, men igjen: det er «chunky» og passar Cherokee-imaget godt.

Artikkelen held fram under biletet

JEEP: Førarplass betre enn Jeep nokon gong har laga.
JEEP: Førarplass betre enn Jeep nokon gong har laga.

På vegen oppfører Cherokee seg bra. Komforten er god, men komforten når det gjeld fjøring er litt dårlegare enn i Land Roveren.

Discovery Sport er ein fryd på vegen. Personleg meiner eg dette er den premium-SUV-en som køyrer best, for balansen mellom komfort og det sportslege er så rett vekta. Discovery Sport balanserer dette mykje betre enn eksempelvis Audi Q5.

Power to the people

Land Rover har, trass i den lange historia si, ikkje valt å leike så mykje med ho som Jeep. Her er det ikkje gamle Defendere i vindaugskanten, ingen kart og koordinatar til Anglesey-stranda. Men eg saknar det heller ikkje.

Artikkelen held fram under biletet

JEEP: Ulike program styrer ytinga til firehjulstrekket.
JEEP: Ulike program styrer ytinga til firehjulstrekket.

For Discovery Sport er utvilsamt britisk. Litt tilbakehalden, litt sober, men elegant og ordentleg. Han er så lettkøyrd og presis som ein småbil – men mykje meir romsleg. Så romsleg, meiner Land Rover, at sju menneske skal få plass. Eg vil justere det til seks personar – for i dei to bakarste seta er det ikkje plass til stort meir enn to halve menneske.

Men dei vanlege bakseta er heldigvis flotte. Fantastisk oversikt, god plass (seta kan skyvast i lengderetninga) og plenty med straum. To 5-volts USB-uttak og eitt 12-volts-uttak i baksetet burde lade telefonar og nettbrett nok. Men 230-volts-kontakt er det ikkje her.

Artikkelen held fram under biletet

JEEP: Tilstrekkeleg bagasjerom i Cherokee.
JEEP: Tilstrekkeleg bagasjerom i Cherokee.

Vårt val

Føretrekkjer du Elvis eller Elton John? I den amerikansk-engelske duellen er det «gamlelandet» som går av med sigeren. Prisforskjellen er stor, men det er ikkje til å komme unna at Discovery Sport køyrer veldig godt, og han kjennest som ein mykje meir forseggjort bil.

(©NPK) 

Til toppen