Eit kulinarisk og kulturelt fyrverkeri

Bygdefolket fylte kulturhuset i Lærdal til randen då 15 ulike nasjonar bydde på det beste frå deira eigen kulturarv med kvarandre.

Lærdal: I Lærdal bur det menneske frå heile 28 ulike nasjonar. Heilt sidan lakselordane saumfarde Lærdalselvi for laksefiske, har den vetle bygda vore eit tradisjonsrik og internasjonalt knytepunkt.

– I tillegg har vi sjuehuset som i alle år har vore ein internasjonal arbeidsplass med tilsette frå Nord-Asia til Filippinene, seier Anna Avdem.

Fylt til randen

Allereie ein halvtime før programmet startar, har kulturhuset i Lærdal byrja å fylle seg opp. Ute i resepsjonen har dei ulike nasjonalitetane starta å setja opp bord fylt med kulinariske delikatesser frå alle verdas hjørne.

– Plassproblem er berre positivt, seier Geir Øverland då han offisielt opnar for kveldens program.

Folk har sett seg langs trappeoppgangen og stolar vert plassert på fremste rad, slik at alle skal få sjansen til å få med seg dei internasjonale innslaga.

Syna fram kulturarven

Fyrst ut på dagens program er Lærdal Musikklag, med den unge og energiske dirigenten Dora David som svingar stemninga i gang.

Etter nokre gode ord frå ordførar Jan Geir Solheim om at Lærdal har bruk for eit større kulturhus, var det islendingane sin tur til å syngja sin tradisjonsmusikk.

– Det heile starta med ein plan om å skapa meir aktivitet i bygda. Fyrst gjekk vi til dei som driv med norskopplæring i bygda og etter det har det berre balla på seg med folk som vil syne fram kulturarven sin, seier Avdem.

Den multimusikalske musikaren Marita Vangen Bratteteig og songfugelen Guro Eri Jakobsen går på scenar og får med seg publikum på allsong.  Etter at duoen er ferdig, vert publikum bergteken av vakker nasjonalsong frå Filippinane.

Deretter set kulturskuleelev Knut Lindstrøm seg bak pianoet for å framføre melodien som han seinare tek med seg på fylkesmessa for ungdomens kulturmønstring UKM).

Stor respekt for lærdølene

Inn på scenar dansar Tesfaldet W og Tegsti Teklait. Dei syner fram den tradisjonelle dansen frå heimlandet Eritrea. Etterpå følgjer vakker song frå Senayt Tasama frå same land.

– Det viktigaste med denne kvelden er at alle får møta kvarandre og bli kjende. Ein høyrer så mykje negativt fortida i samanheng med flyktningskrisa. Då er kveldar som denne viktige for å få slutt på fordommar. Vi ønskjer å syne det flotte og fine med å vere ein del av eit fleirkulturelt samfunn. Ein må ikkje sjå på innvandring som eit problem, med læra og sjå resursane, seier Avdem.

Syriske Mohamad Shaham Dandasi framfører ein vakkert song samen med Bratteteig på gitar som fengjer publikum. Etter at songen er ferdig, invitera han kona Lobona Kadam og dottera Radima på eitt år, opp på scena.

– Takk til alle i Lærdal for at de har teke i mot oss med opne armar og synt oss respekt. Eg gledar meg til å starta livet mitt her i bygda saman med familien min. Vi står i stor respekt til alle som ein, sa Kadam i ein vakker takketale til bygdefolket.

Anna Avdem følgde opp med å sei at det var ein stor rikdom for bygda å få slike folk til å busetje seg.

– Bakgrunnen deira er svært trist, men me er svært glade for å ha dei her, sa Avdem.

Etter programmet i kultursalen, var det duka for smaksprøver frå alle verdas kantar i resepsjonen. Alt frå karbonadar frå Danmark, sterke smakar frå Eritrea, til lappar frå Noreg og vårulla frå Filippinene.  

Til toppen