STORMØTE I FOTBALLEN: Rasmus Mo, motivator og omdømeleiar i Sogndal fotball (f.v), Henrik Rønningen, leiar i fotballgruppa i IL Jotun og Mona Standal, i styret i Sogn og Fjordane fotballkrets og mentor for fotballgruppa i Jotun var på plass under stormøtet i Øvre Årdal tysdag kveld. Foto: Ina Eirin Eliassen
STORMØTE I FOTBALLEN: Rasmus Mo, motivator og omdømeleiar i Sogndal fotball (f.v), Henrik Rønningen, leiar i fotballgruppa i IL Jotun og Mona Standal, i styret i Sogn og Fjordane fotballkrets og mentor for fotballgruppa i Jotun var på plass under stormøtet i Øvre Årdal tysdag kveld. Foto: Ina Eirin Eliassen

– Eit kvalitetsstempel for breiddefotballen

Fotballgruppa i IL Jotun, blir den tredje klubben i fylket som er med på det største løftet i breiddefotballen i Noreg. No er det ikkje lenger foreldre og trenarar som bestemmer, men klubben.  

Årdal: I fylket var Sandane og Eikefjord først ute med å få tittelen kvalitetsklubb nivå 1. Etter stormøtet i fotballgruppa i Jotun tysdag kveld er no alt på plass for at årdølene kan sikre seg å bli tredje klubb i fylket som er sertifisert som kvalitetsklubb nivå 1. Men det skjer ikkje før under kretstinget sist i november. 

I vel to år har fotballgruppa i IL Jotun jobba med kvalitetsklubb-prosjektet som starta i Noregs Fotball Forbund (NFF), der målet er å stimulere til god klubbutvikling der sunn barne- og ungdomsidrett kan vekse fram. Det var på ei leiarsamling med ti klubbar i fylket i Liverpool hausten 2013, som Jotun først fekk presentert prosjektet. 

– Me trudde vel me hadde ting på stell i klubben, men såg jo då me fekk sjå dei 18 punkta for kva som er ein kvalitetsklubb, at det var ein god del som mangla. Dette har me no jobba med i to år, seier Henrik Rønningen, leiar i fotballgruppa i Jotun. 

– Klubben er sjef, ikkje foreldre eller trenar

Klubben har no fått på plass retningslinjer for det meste slik at utviklinga blir målbar. Det gjeld  mellom anna stillingsbeskrivingar over kva dei ulike tillitsverva skal gjere, retningslinjer for hospitering, trening og utvikling av spelarar. 

– Det viktige er at det no er klubben som er sjef, etter dei retningslinjene fotballgruppa no har fått på plass. Det skal ikkje vera slik at idretten er styrt av trenar eller foreldre, der den enkelte sitt ambisjonsnivå får styre. Det skal vera klubben som bestemmer, fortel Rønningen.  

Då Jotun er eit allidrettslag, kan ikkje kriteria i fotballgruppa krasja med det overordna verdigrunnlaget, sportplanen og handboka i IL Jotun. Difor har det vore naudsynt i jobba i lag med hovudstyret, for å kunne gjera endringar i fotballgruppa. Slik sett ser ikkje Rønningen bort ifrå at også andre undergrupper i Jotun også kan koma etter med måten å jobba på. 

Større krav til korleis å drive ein klubb

Mona Standal, som sitt i styret i Sogn og Fjordane fotballkrets og som er mentor for Jotun i prosjektet kvalitetsklubb, legg til at det ligg retningslinjer frå NFF som tydeleg definerer kva som må vera på plass for å bli ein kvalitetsklubb. 

– NFF seier dette er det største løftet i norsk breiddefotball. Prosjektet handlar om å ha system, struktur og orden. Det er større og større krav til å vera profesjonelle i korleis å drifte ein klubb. Set skal ikkje vera tilfeldig, men klubben skal bli styrt gjennom planar og retningslinjer som klubben lagar. Så er utfordringa å få dette ut i livet, seier Standal. 

– Så jobben er ikkje over for Jotun etter sertifiseringa?

– Dette er eit kvalitetsstempel som ein også kan miste. Jobben er på langt nær over, der Jotun vil bli sjekka etter kvart på at ting også fungerer i praksis. Ein må jobbe for å behalde tittelen kvalitetsklubb nivå 1, fortel ho.

Kvalitetsklubb nivå 1, er det første av tre nivå i prosjektet. Men Standal forklarar at krava og retningslinjene for dei to neste nivåa enno ikkje har komen frå NFF. 

– Handlar om å gjera kvarandre gode

Rasmus Mo, motivator og omdømeleiar i Sogndal fotball, var også på plass for å halde eit foredrag om verdiar og omdøme. Han omtalar fotballen i Årdal som historisk, då Jotun presterte godt lenge før Sogndal kom på banen. 

– For meg handlar Årdal om kreativitet, for mangfaldet her er stort både i idretten, musikken og faktisk også i politikken. Det handlar om å finna dei gode løysingane på dei utfordringane som kjem, seier Mo. 

– Kva betyr det å få vera med å løfte fotball også her?

– Me i klubbane i fylket kjenner kvarandre godt og det skulle berre mangla at me også utvekslar kompetanse. Ein blir trass alt betre i lag. Skal Sogndal ha eitt topplag er det heilt avhengig av at andre klubbar også blir betre. Min kompetanse handlar om å gjera folk betre i dei oppgåvene dei skal løysa. Kan eg bidra gjennom eit slikt besøk, er det ei fornuftig investering. Det er kjempeviktig at fotballen får gode vilkår. Det handlar om å vekse gjennom å gjera kvarandre gode, noko som også gjeld i livet elles, seier han. 

Til toppen