PROFFE AMATØRAR: Det er ikkje berre proffane som må øve for å bli gode på brann. Her frå rekrutteringsdagen til Sogn brann- og redning i fjor.
PROFFE AMATØRAR: Det er ikkje berre proffane som må øve for å bli gode på brann. Her frå rekrutteringsdagen til Sogn brann- og redning i fjor. (Foto: Youri van der Werve)

Eit lite mindretal har brannøving heime

Berre ein av fire har øvd på kva dei skal gjere om det byrjar å brenne heime. Den statistikken uroar lokale brannsjefar.

Sogndal: Laurdag 23. september inviterer fleire brannstasjonar i Sogn til folk innom for å rette merksemd på kor viktig det er å ha brannøving heime.

Det er ikkje utan grunn: Berre ein fjerdedel seier dei har hatt øvd på nettopp eit slikt scenario, ifølgje ei spørjeundersøking utført av Kantar TNS.

Det uroar branninspektør Olav Helge Ylvisåker i Sogn brann og redning IKS:

Viktig å avtale møtestad

Han seier det ofte er små grep som skal til, som for eksempel å avtale møtestad.

– Ved brann blir det fort kaotisk og det er lett å komme bort frå kvarandre. For oss i brannvesenet er det eit skrekkscenario at folk spring tilbake inn i brennande hus for å leite etter familiemedlemmar som kanskje har kome seg ut andre vegar. Difor er det å avtale ein fast møtestad utanfor bustaden noko av det enklaste og viktigaste ein kan gjere, seier han i ei pressemelding.

Spørjeundersøkinga viser at berre ti prosent av husstandar med to eller fleire personar har avtalt møtestad utandørs i tilfelle brann.

Inviterer til open stasjon

På rundt 350 stadar over heile landet inviterer brannvesenet til open brannstasjon. Her kan folk få opplæring i korleis ein kan sikre heimen mot brann, samstundes som det er lagt opp til at det skal bli ei lita oppleving for familien. Her blir det konkurransar, du kan få prøve å spyle med brannslange og sitte i ein brannbil.

I Sogn blir det laurdag 23. september halde ope på Vik stasjon, Balestrand stasjon, Leikanger stasjon, Sogndal stasjon og Gaupne stasjon, alle plassar mellom klokka 10.00 og 14.00.

– Open brannstasjon har blitt en fin tradisjon som gir oss eit unikt høve til å formidle
brannførebyggjande bodskap til eit interessert publikum. Vi gler oss og håper mange kjem på besøk, seier Ylvisåker.

Til toppen