FULL FART: Ei rad sportsbilmodellar opplever auka sal i Noreg. Her er ein av dei, Porsche 911. FOTO: Cornelius Poppe / NTB/Scanpix.
FULL FART: Ei rad sportsbilmodellar opplever auka sal i Noreg. Her er ein av dei, Porsche 911. FOTO: Cornelius Poppe / NTB/Scanpix.

Eit lite segment – i kraftig vekst

Avgiftsendringar og nye modellar har fått fart på sportsbilsalet i Noreg.

Salet av sportsbilar i Noreg er ikkje veldig stort, men veksten i segmentet er så definitivt stor – samanlikna med i fjor. Den prosentvise auken så langt i år er på 165 prosent, ifølgje tal frå Opplysningsrådet for Veitrafikken (OFV).

No byrjar sesongen for slike bilar.

Noko av årsaka til veksten er nye modellar, ikkje minst Mazda MX-5, som er relativt rimeleg, og som kom i ny utgåve hausten 2015.

– Interessa og etterspørselen har vore og er stor, og vi kunne selt fleire dersom vi hadde hatt tilgang på fleire bilar. Det er litt avgrensa kor mange bilar vi får til Noreg, men alle dei 140 bilane vi har fått så langt, er selde, seier Wenche Skarpodde, PR-sjef hos Mazda Norge.

Det vart registrert 13 MX-5 i fjor, og 15 året før. Så langt i år er det registrert 55 nye MX-5, mot éin på same tid i fjor.

Alle fekk lågare avgift

I statistikken til OFV er det 16 forskjellige nye sportsbilmodellar som er leverte i år. Modellen som er nest mest selt i 2016, er ikkje ein rimeleg bil. 19 eksemplar av Porsche 911 vart leverte i første kvartal, 12 fleire enn i same periode i fjor. Den billegaste 911-modellen kostar nærare 1,4 millionar kroner. Porsche kom nyleg med nye motorar til Carrera-utgåva, med turbo for første gong.

Artikkelen held fram under biletet.

STOR ETTERSPØRSEL: For første gong sidan 1960-talet blir Ford Mustang seld gjennom den norske importøren.
STOR ETTERSPØRSEL: For første gong sidan 1960-talet blir Ford Mustang seld gjennom den norske importøren.

– Det er to årsaker til den betydelege veksten. Å få kraftig redusert den føremålslause hestekrefteravgifta har vore viktig for Porsche-salet generelt. Mykje snakk om å gjere det i lang tid har ført til at mange har utsett kjøpet. Desse kjem no ned frå gjerdet, og effekten blir slik sett dobbel. I tillegg har den nye 911 blitt ein stor suksess. Dette gjeld ikkje berre i Noreg, men også internasjonalt, seier Morten Scheel, administrerande direktør hos den norske Porsche-importøren.

Han seier at alle Porsche-modellane fekk lågare avgift frå nyttår. 911 Carrera gjekk ned mellom 100.000 og 130.000 kroner, 911 Turbo gjekk ned med inntil 180.000 kroner. Dette har gitt importøren eit hyggeleg problem.

Stor etterspørsel

– Vi slit no med luksusproblemet at vi ikkje har nok bilar, som ein konsekvens av at nye 911 er blitt ein suksess over heile verda, og produksjonskapasiteten har nådd sitt maksimum. Vi får 70 bilar i år, per i dag, noko som allereie er langt over «all time high», og vi jobbar med å skaffe fleire. I 2006 vart det registrert 55 nye Porsche 911, den rekorden skal vi altså slå.

Scheel trur også at den mindre 718 Boxster som blir lansert kvart augneblink, har eit bra potensial i Noreg.

Det er ikkje berre nyheiter som har gitt segmentet eit løft, bilmodellar som har vore på marknaden ei god stund held også god salstakt. Både Audi A5, som vart lansert så langt tilbake som 2007, og BMW i8, som kom for to år sidan, vart det registrert 16 nye av i første kvartal. I begge tilfelle er dette nøyaktig det same som i fjor.

Artikklen held fram under biletet.

OGSÅ PÅ LISTA: Mercedes-Benz' spesielle sportsbil AMG GT S kostar nærare to millionar kroner.
OGSÅ PÅ LISTA: Mercedes-Benz' spesielle sportsbil AMG GT S kostar nærare to millionar kroner.

Etter dei følgjer to nykommarar. Lexus' V8-motoriserte RC, som vart lansert i fjor med 12 eksemplar, mens Ford Mustang, som også kom i fjor, kan notere seg for 11.

Ford-importøren seier dei også opplever stor interesse.

– Ja, det har vore stor etterspørsel etter nye Mustang i dei aller fleste landa den er lansert i, så leveringstidene har vore relativt lange. Vi forventar å selje 50 til 100 Mustang i Noreg i år, seier Anne Sønsteby, informasjonsdirektør i Ford Motor Norge.

Til toppen