– Vêret skifter heile tida, men dette var spektakulært. Eit lite lysshow, seier Trine Nylehn.
– Vêret skifter heile tida, men dette var spektakulært. Eit lite lysshow, seier Trine Nylehn. (Foto: Trine Nylehn)

VEKAS FOTO

Eit lysshow på fjorden

Vekas foto er teke av Trine Nylehn.

Leikanger: – Dette var eit augeblikk der vêret var på veg rett mot Leikanger, fortel Trine Nylehn, som har teke Vekas foto.

Biletet er teke frå verandaen på Munken på Leikanger. Nylehn sat ved kjøkkenbordet då ho såg lysshowet starta ute over fjorden, og ho kan fortelja at dette slettes ikkje er noko vanleg syn.

– Det var eit vêrfenomen. Det var fleire snøvêr på veg rett mot oss og så snudde det igjen og vart vekke, fortel ho.

Med denne utsikta frå huset har Nylehn god anledning til sjå på det skiftande vêret over fjorden. Og akkurat vêrbilete er noko ho nærast er spesialist på.

–  Eg tar mykje bilder. Det gjer jo alle, men eg legg sterkt vekt på at dei skal vera bra og bruker tid på å redigere dei. Eg har sendt inn ein del bilete til vêrkonkurransen på TV2 og har vunne 25 ganger, seier Nylehn, som med andre ord har Bergans-klede for nokre tusen kroner.

Vil du dela eit bilete med oss? Bruk taggen #MittPorten på Instagram eller send til tips@porten.no.

Til toppen