DEI STORE SPØRSMÅLA: Kva som er smittekjelda og kor vidt skrantesjuka har smitta vidare frå nordfjellareinen er to spørsmål ein bør få så gode svar som mogleg på før ein bestemmer seg for tiltak, skriv kronikkforfattaren. Arkivfoto: Harald Skjerdal 
meiningar
DEI STORE SPØRSMÅLA: Kva som er smittekjelda og kor vidt skrantesjuka har smitta vidare frå nordfjellareinen er to spørsmål ein bør få så gode svar som mogleg på før ein bestemmer seg for tiltak, skriv kronikkforfattaren. Arkivfoto: Harald Skjerdal  (Foto: Arkiv)
meiningar

Eit nærast umogleg val

KRONIKK: Skal ein sanera heile reinsflokken på 17-1800 individ i Nordfjella eller ha «is i magen»? Det er eit utruleg vanskeleg spørsmål, nærast umogleg.

Indre Sogn: Første gongen eg skaut rein i Nordfjella var som 19-åring. Eg og jaktkompisen hadde jakta rein kvar einaste helg sidan jaktstart 20.august 2004, nokre av helgene også ovale – studentar og frie som me var.

Røynsla var ikkje all verda, så trass i stor innsats – ein morgon hadde me køyrd oss fram i Staten og var på Kvevotni før klokka seks om morgonen, ein time før jakta starta – tok det ganske mange jaktdagar og mil med trasking før me kom i skotposisjon.

Og det var eigentleg ein tilfeldigheit; me hadde gitt opp og skulle gå strakaste ruta tilbake til anleggsvegen frå hytta denne dagen, den 19. september. Men for å ta denne ruta måtte me over ei bru, og den fekk me beskjed om at var teken ned for sesongen over sikringsradioen.

Så det vart ein omveg via Liahovdvatnet, langt sørvest på Lærdal statsalmenning. Der låg ein reinsflokk på om lag 200 dyr i vasskanten. Eg åla meg gjennom bekker og småelvar, fingrane var så kalde at eg måtte blåsa liv i dei før eg trekte av med krossen i bogen på ein kalv som stod på sida av flokken og såg ut til å vera utan mor si.

Til å hylgrina av

Slik sit nok mange reinsjegerar som jaktar i Nordfjella og mimrar no. Etter bodskapen som kom i førre veke, tenkjer ein at jakta til hausten kan bli ein av dei siste sesongane på veldig lang tid.

Les også: Meiner heile villreinsstamma i Nordfjella bør sanerast

På grunn av dette fordømte proteinet som buktar seg feil i nokre av reinsdyra i Nordfjella. Som til no er funne på tre individ – berre to av dei felte under jakta. Av 340 testa, altså godt under ein prosent førekomst. Nesten alle reinane i Nordfjella ser ut til å vera friske, fine individ av dette urdyret, dette fantastisk fascinerande hjorteviltet som skapte næringsgrunnlaget for at karrige Noreg var mogleg å busetja for menneske.

Nokre veldig få er sjuke, og så skal ein slakta ned alt saman? Det er til å hylgrina av, og ein kan gjerne forbanna seg over forskarar og «statistikkfolk».

Men, det kjem til å bli fleire sjuke individ, seier dei. I verste fall så mange at nordfjellareinen bukkar under av seg sjølv på veldig lang sikt. Og det kan spreia seg. I verste fall så det ikkje er noko storvilt å jakta på i dette landet på enno lengre sikt.

Såleis verkar valet greitt – kan det bli konsekvensen, har ein knapt anna val enn å vera føre-var. Som tyder nedslakting av nordfjellareinen.

To nøkkjelspørsmål: Smittekjelda og vidare spreiing

Men, det er eit stort spørsmål – slik eg ser det. Og det skal seiast, eg er journalist av utdanning og skal såleis vera forsiktig med å uttala meg om biologiske tilhøve. Men eg dristar meg på eit logisk resonnement likevel:

Spørsmålet er kvar dette kjem frå, for det veit ein ikkje. Fagmiljøa har mest tru på at det kjem frå skrapesjuke på sau. 

At det skal koma på akkurat villrein – det mest avsondra hjorteviltet – i akkurat Noreg – eit av landa ein har mest fokus på dyrehelse i landbruket i denne verda – verkar nesten utruleg. Og det har ikkje vore kjende tilfelle av skrapesjuke her i distriktet, så vidt eg veit.

Jau, sau og rein nyttar same beitet på sommaren og reinane er nok innom saltsteinar som er lagt ut til sau. Så nei, det er ikkje umogleg. Men dette er jo i vel så stor grad tilfelle for hjorten. I tillegg er det mykje hjort i dalbotnane frå haust til vår – særskild i Lærdal – då dei også nyttar same beitet som sau.

På sommar og tidleg haust går mykje av hjorten på same beitet som villreinen gjer.

Summa summarum; dersom skrapesjuka hjå sau er kjelda verkar det for meg merkeleg at reinen skulle få det og hjorten koma unna. Og at viss så var – og dersom dette smittar gjennom jordsmonn og beite – skulle ein tru det skal veldig lite til før hjorten blir smitta av reinen.

Og då er ein komen til tittelen på denne kronikken; det som gjer valet nærast umogleg: 

Dersom ein handlar kjapt og sanerer villreinen i sone 1 i Nordfjella kan ein kanskje berga tilgrensande rein- og hjortestammar, og såleis vidare spreiing – dersom det altså er så at det ikkje finst skrantesjuke på hjort til dags dato. For er det først kome på hjorten i tilgrensande områder er det heilt ute av kontroll og det vil vera nærast umogleg å unngå spreiing vidare. 

Svært viktig å ta prøver av hjort

På den andre sida; skulle skrantesjuka alt vera komen på hjorten, er det fånyttes å sanera nordfjellareinen. Så om ein bestemmer seg for å sanera, bør ein vera så sikker som mogleg på at hjorten ikkje er råka.

Med andre ord burde det vera temmeleg essensielt å få testa mest mogleg av hjortane som blir skotne under jakta i områder som grensar til Nordfjella. Difor framstår det som eit snålt grep at ein stoppa testinga på hjorten i Lærdal, Årdal og Aurland midt i jakta i haust.

Rett nok vart testinga utvida med nesten ein månad, fram til 1. november, i høve kva som var utgangspunktet. Men likevel; i følgje Hjorteviltregisteret vart det testa 221 hjortar og elgar i desse tre kommunane. Det vart skote over 700 hjort og elg. Trekkjer ein frå kalvane, som uansett ikkje skulle testast, er det snakk om over 300 vaksne hjortar - inkludert nokre få elgar - som ikkje vart testa. 

Grunngjevinga var økonomi og ressursar. Det er forståeleg på eitt plan – sjølv om me jegerar og grunneigarar meiner det bør setjast av meir eller mindre uavgrensa med midlar til dette, er det mykje anna viktig å bruka pengar på, så det blir alltid eit prioriteringsspørsmål. Men akkurat å prioritera vekk testing av over halvparten av den felte hjorten, stussar eg på.

Les også: Utvidar CWD-testinga

Skrapesjuk sau, importert bukkeurin eller utstyr som smittebærar?

Tilbake til smittekjelda; som nemnd skulle ein tru mange andre stammer av hjortevilt mange andre stader i Europa burde bli råka av skrantesjuke før villreinen i Nordfjella. I alle fall om ein legg den alternative teorien til grunn, at jegerar har drege smittestoffet inn i Nordfjella gjennom lokkemiddelet "bukkeurin på flaske" eller med fottøy og klede etter jakt i Amerika.

Så vidt eg veit er ikkje bukkeurin spesielt utstrekt brukt her i området. Og i den grad det blir brukt, er det vel under hjortejakt? Igjen, og i så fall; kvifor nordfjellareinen og ikkje hjorten?

Les også: Dette var «monsteret» sitt første offer

Eller at det skulle koma gjennom fottøy og klede i etter jakt i Amerika. Kor mange jegerar i Nordfjella har vore "over there" på jakt? Eg veit ikkje, men mange kan det ikkje vera snakk om. Så skal ein av desse få (?) først klara å koma borti skrantesjuka i Amerika for så å leggja det att i Nordfjella. Sannsynet er ikkje null, men svært nære – etter mi forståing, i alle fall 

Men «monsteret» er her og har oppstått på eit eller anna mystisk vis – det er eit uomtvisteleg faktum.

Alternativ teori

Kan det likevel finnast andre moglege smittekjelder enn dei nemnde?

At skrantesjuka har oppstått spontant i eit individ og vorte smitta vidare var ein annan teori. Kvifor skulle den i så fall oppstå spontant no? Eg høyrde ein hypotese som for meg hadde noko fornuft i seg; i Sibir har miltbrannbakteriar som ser ut til å vera tusenvis av år gamle smelta fram og starta å smitta folk og fe att.

«Nytt» jordsmonn har i høgfjella smelta fram i stort monn dei siste åra. Grunn og jordsmonn som har vore dekt av snøfenner i hundre- og tusenvis av år. Dette er snadder for arkeologar; fangstanlegg og –reiskapar frå fordums jegerar smeltar også fram.

Det er to årsaker til at ein finn desse fornminna akkurat i randsonene for fennene. Naturlegvis fordi dei er bevara av snø/is og frost. Men også fordi forfedrane våre etter alt å døma konsentrerte mykje av reinsjakta rundt fenner.

Som no trekte reinen ut på brear og fenner for å kjøla seg ned på varme sommar– og haustdagar. Jakttidsramme var eit ukjent omgrep, så jakta kunne like godt gå føre seg midt på høgsommaren. Fangstanlegg og jakt rundt brear og fenner har dermed truleg vore svært effekt. Noko som i neste omgang gjorde at mykje blod og eventuelt slakteavfall vart liggjande att i desse områda etter vellukka jakt.  

Poenget, altså; kan sjukdommen ha vore til stades for hundre- eller tusenvis av år sidan i Nordfjella, forsvunne – kanskje har stamma vorte utrydda ei tid, for så å koma tilbake – og står opp att no når fennene og breane trekkjer seg tilbake? Me snakkar vel då ikkje om at sjukdommen oppstår spontant, men om at dagens nordfjellarein har vorte smitta av sine forfedrar frå kanskje mange tusen år tilbake i tid.

Det høyrest kanskje ut som spinnvill science fiction. Men i denne saka blir logikk og sannsyn sett til sides - det er på ingen måte logisk at villrein i Nordfjella skal vera det første hjorteviltet utom Amerika som får skrantesjuke (koreanarane tel me ikkje med, når årsaka der openbart er import).

Og at det samstundes blir funne skrantesjuke på elg i Trøndelag, fleire titals mil unna - men som i følgje forskarane ser ut som ein annan variant som har oppstått spontant, altså den har ingenting med skrantesjuka i Nordfjella å gjera. Ein heilt ny sjukdom i landet, på kontinentet blir funne samstundes to stader, men desse to har ikkje noko med kvarandre å gjera? Eg er freista til å seia at det er nøydd å finnast ein fellesnemnar. 

I alle fall; så mykje meir vill enn teorien om importert bukkeurin når det kjem til smittekjelde for nordfjellareinen sitt vedkomande veit eg ikkje om denne med snøfenner er. Det kunne i alle fall forklara kvifor akkurat rein fekk dette; hjort og elg held seg i liten grad så høgt at den kjem mykje i kontakt med fennene som ligg året rundt.

«Idèmyldringsfase»

Moglegvis kan forskarar leggja denne død med ei gong - at sjuke prionar ikkje kan overleva på dette viset, slik som miltbrannbakterier.

Og ja, eg føyer meg inn i rekkja av dei mange som no synsar, trur og meiner. Me har ekspertar til å forska på slikt, og eg har stor tru på at eit godt arbeid blir lagt ned her. Men, denne tidlege fasen – og når ein veit så lite om dette – tenkjer eg er tida for tøma ut meiningar, synspunkt og lokal kunnskap. Så får ein konsentrera arbeidet meir etter kvart. Kall det ein idèmyldringsfase, som ein gjerne har i starten på prosjektarbeid. 

Tilbake til bakkehallet under Vesle Liahovden mot Liahovdvatnet 19. sespember 2004. Kalven datt og me slakta som best me kunne – noko me aldri hadde gjort åleine før. Me gjekk tilbake til Kvevotni gjennom den grove ura ved Liahovdvatnet, på steinar som hadde vorte såpeglatte, me blaute som nokre kråker.

For å få ein kalv med slaktevekt 17 kilo i hus. Når bein, sundskote kjøt og dei seigaste hinnene er vekke, sit ein att med rundt halvparten som går i frysaren - og då har ein ikkje skore vekk meir enn høgst nødvendig.

Likevel har reinsjakt for meg vore årets høgdepunkt i ettertida. 20. august er datoen – dei to vekene i framkant får eg med meg samtlege oppdateringar Yr.no gjer på vêrvarselet. Det er vindpilene eg ser på, me treng nordvest for å ha gode sjansar der eg jaktar. Står pilene til Yr.no frå søraust ser livet straks noko mørkare ut.

Reinsjakt er noko av det som gjer livskvaliteten min høg. Det same gjeld veldig mange andre. Difor håpar eg naturlegvis inderleg at komande jaktseseong – eller dei par-tre neste sesongane – ikkje blir siste sjansen min for reinsjakt i Nordfjella før gikta tek meg.

Rovdyr som smittespreiarar?

Men, i denne situasjonen er min og alle andre av dagens nordfjellajegerar sin livskvalitet underordna. Reingranskar Olav Strand i NINA var ein lett type å lika under informasjonsmøtet førre veke. Orda hans: «Nord-Amerikanske tilstandar er ikkje akseptabelt. Me kan ikkje etterlata eit reinsfjell som ikkje er jaktbart til etterkommarane våre», trefte meg hardt.

Denne situasjonen er perfekt eigna for usemje med oss jegerar/grunneigarar på eine sida og fagmiljøa på andre sida. Noko murring blir det garantert – vonleg blir dette «tømt ut» no i denne «idèmyldringsfasen» – men best mogleg samarbeid i det vidare vil truleg gje best mogleg resultat.

Ein påstand i dette stykkjet gir eg meg likevel ikkje på, før nokon eventuelt kjem med gode motargument; å få kartlagt hjortestamma best mogleg gjennom testing av kvar einaste (vaksne) hjort som blir skoten under jakta er essensielt for å danna best mogleg avgjerslegrunnlag for vidare handling. At testmateriale frå over 300 individ skal gå i vasken ein haust til er uaksaptabelt – utifrå den informasjonen eg sit på i dag, i alle fall.

Og alt som blir skote av rein i tilgrensande stammar bør testast; Nordfjella sone 2, Hardangervidda, Årdal - Lærdal og Vest-Jotunheimen (dersom det blir jakt i dei to sistnemnde) – i alle fall. Pluss tamreinen til Filefjell tamreinlag som blir slakta. 

Ein ting er at eit og anna individ – eller i verste fall ein flokk – kan koma til å kryssa over frå Nordfjella sone 1 til ein av dei ovannemnde. Ein annan ting er at rovdyr kan ta med seg smitte. Tenk ei ørn som gjerne går på svake individ. Og som kan fly. Den har ikkje den beste reinsgjetar i verda kontroll på.

Og dersom det faktisk er slik at ein kan testa for skrantesjuke i avføringsprøver, bør det så klart takast i bruk fortare enn svint. Så vidt eg forstod av møtet i førre veke var problemet at ein ikkje visste om desse prøvene var til å stola på.

Det ville i alle fall gjera kartlegginga vesentleg meir solid og enklare å gjennomføra i spørsmålet om skrantesjuke har spreidd seg utover Nordfjella sone 1 – særskild i høve andre reinsstammar, viss ein kunne gjera som Erik Lund i Miljødirektoratet var inne på; miksa i hop avføring frå fenner og testa det. Difor skulle ein tru det står høgt på agendaen å finna mest mogleg ut om denne testmetoden.

For viser det seg at ein har slakta ned nærare 2000 rein fordi ein gjorde eit for spinkelt grunnlagsarbeid – då blir det murring, då.

Til toppen