Henrik Thorsnes Lefdal, fylkesleiar AUF i Sogn og Fjordane og Sandra Edith Tenud, politisk nestleiar AUF i Sogn og Fjordane. Foto: AUF Sogn og Fjordane.
meiningar
Henrik Thorsnes Lefdal, fylkesleiar AUF i Sogn og Fjordane og Sandra Edith Tenud, politisk nestleiar AUF i Sogn og Fjordane. Foto: AUF Sogn og Fjordane.
meiningar

Eit partiprogram med fokus på ungdom

AUF har kjempa igjennom ein garanti for læreplass for yrkesfagelevar, og innføring av bemanningsnorm for skulehelsetenesta i tråd med helsedirektoratet sine anbefalingar. Mani Hussaini, leiar i AUF, skal ha ein stor takk for som har kjempa vår sak i programkomiteen. 

Kvart fjerde år vedtek partia sine partiprogram som dei skal gå til val på, og måndag 6. februar presenterte Arbeidarpartiet sin programkomité sitt forslag. Her la partiet fram mange gode forslag til korleis dei vil fokusere på fellesskapet, og ikkje skattekutt for dei rikaste. Det var ekstra gledeleg å sjå at AUF får gjennomslag for mykje av sin politikk. AUF har kjempa igjennom ein garanti for læreplass for yrkesfagelevar, og innføring av bemanningsnorm for skulehelsetenesta i tråd med helsedirektoratet sine anbefalingar. Mani Hussaini, leiar i AUF, skal ha ein stor takk for som har kjempa vår sak i programkomiteen. 

Vi lev i ei tid der ungdom drikk mindre, er meir lovlydige og har eit betre forhold med foreldra sine. Samstundes har det aldri vore fleire som fell ut av skulen. I 2015 var det kun 59% som fullførte på nummerert tid. Generasjon prestasjon er definisjonen på dagens ungdom, og behovet for gode rammer rundt elevane er viktigare enn nokon gong. Dagens ungdom er ramma av depresjon og angst, og psykiske plagar blir sett på som vår tids folkesjukdom. Dagens ordning er ikkje god nok. På Drammen vidaregåande skule har ei helsesyster ansvar for 3000 elevar, og ho har berre moglegheit til å hjelpe elevane ein gong i veka. Der blir ho omtalt som “secret service” fordi ingen veit kven ho er. Ei helsesyster som er til stades meir enn eit par timar kvar måndag er hjelp til få, men ei som er til stades kvar dag er eit viktig tiltak for å fange opp dei som slit. Når ¼ av alle elevar fell ut av den vidaregåande skulen, ser ein behova for å styrkje desse rammene rundt elevane. 

Arbeidarpartiet er eit parti som ser dette og vil prioritere ungdomar si helse framfor å gjere Stein Erik Hagen endå rikare. Med tidleg hjelp kan mange psykiske lidingar førebyggjast og behandlast. Arbeidarpartiet legg fram at dei vil at dei unge skal lære meir om psykisk helse i skulen, og at ingen under 18 år skal betale eigenandel hos fastlegen. Dette er viktige tiltak for å minske terskelen for å søke hjelp. Eit anna viktig tiltak for å oppsøke helsesyster er å utvikle ei “e-helsesysterteneste”. Dette kan til dømes vere ei SMS-teneste der ungdom kan stille spørsmål til helsesyster eller avtale time. Midlane til skulehelsetenesta skal øyremerkast, slik at kommuane får råd til å ansette fagfolk som kan psykisk helse.

Arbeidarpartiet har òg valt å prioritere yrkesfag i sitt nye programforslag. Dette er den gruppa elevar som er mest ramma av fråfall. Dei ynskjer ei utstyrspakke for elevane på yrkesfag, samtidig som ein aukar lærlingtilskotet og legg til rette for ein meir praksisnær undervisning der elevane tidlegare får prøve seg i arbeidslivet. Det er ikkje rettferdig at mange av dei elevane som går på yrkesfag i dag må betale for utstyret dei brukar i undervisninga, når andre får alt dekka. Dette er bryt med gratisprinsippet som vi har i skulen, der alle elevar skal ha like moglegheiter og å kunne gå på den linja ein ynskjer uavhengig av lommeboka til foreldra. I tillegg vil Arbeidarpartiet auke lærlingtilskotet slik at fleire kan få fagbrev og få fullført utdanninga si.

Arbeidarpartiet sitt forslag til nytt partiprogram har fokus på ungdom. Det er tydeleg at dei tek utfordringane ungdom står ovanfor på alvor. Ungdom er framtida og med Arbeidarpartiet i ryggen har dei unge ei lys framtid i møte. 

Henrik Thorsnes Lefdal, Fylkesleiar AUF i Sogn og Fjordane

Sandra Edith Tenud, Politisk nestleiar AUF i Sogn og Fjordane

Til toppen