PRAKTBYGG: Arkitekt Håkon Matre Aasarød syner i ein modell fram betongkonstruksjonane som han meiner gjer kaiskuret til ei praktbygg i verdsklasse. Foto: Ole Ramshus Sælthun
PRAKTBYGG: Arkitekt Håkon Matre Aasarød syner i ein modell fram betongkonstruksjonane som han meiner gjer kaiskuret til ei praktbygg i verdsklasse. Foto: Ole Ramshus Sælthun

– Eit praktbygg i verdsklasse​

Arkitekt Håkon Matre Aasarød er svært begeistra over kaiskuret på Årdalstangen, og meiner det med enkle grep kan bli både ein turistattraksjon og nyttig for bygdefolket.

Årdal: – Til å vera eit skur, er det veldig flott, sa arkitekten frå firmaet Vardehaugen.

Han har laga skisser og modellar for tre moglege innhald kaiskuret kan få: som eit allrom, eit skreddarsydd bygg tilpassa ein viss aktivitet eller som eit formidlingsbygg.

– Sakrale kvalitetar

Å laga det som eit allrom tyder at det kan nyttast til alt frå bryllaup og andre seremoniar til pop-up-butikkar til konferansar. 

Går ein for den skreddarsydde løysinga er det snakk om å få inn ein konkret aktivitet eller eit fast konsept der ein aktør står i bresjen for. Her nemnde Matre Aasarød at klatrevegg i regi av Bulder & Brak kan vera noko å sjå på.

Formidlingsbygg tyder langt på veg museum av eit eller anna slag.

– I modellen har eg plassert inn ein båt, men det kan vera det meste; til dømes ein turbin. Det er snakk om å skapa eit signalbygg. Og ordet signalbygg blir ofte feil oppfatta; det skal ikkje berre vera flott, ein må ha noko på hjarta også, sa Matre Aasarød.

Artikkelen held fram under biletet

ALLROM: Slik kan kaiskuret bli sjåande ut om ein ribbar det ned og set inn store vindauge. Eit lite raudt bygg inne i skuret husar i denne modellen sanitæranlegg.
ALLROM: Slik kan kaiskuret bli sjåande ut om ein ribbar det ned og set inn store vindauge. Eit lite raudt bygg inne i skuret husar i denne modellen sanitæranlegg.

Uansett kva løysing ein fell ned på, er poenget at kaiskuret skal stå fram i alle prakta den potensielt har. For ribbar ein bygningen så det står att først og fremst med betongkonstrukajonane og set inn større vindauge, vil dette bli ein pryd å sjå på, ifølgje Matre Aasarød.

– Det er eit praktbygg i verdsklasse, eit bygg med sakrale kvalitetar. Mange bygningar som kom på 50- og 60-talet var bygd i betong og flott utforma, men då ein kom over på 70-talet endra dette seg.

For etter kvart har betong vorte noko ein fundamenterer med og byggjer klossete bygningar i. Men å gjera gamle industribygg om til attraksjonar er trend, fortalde arkitekten.

– Det har noko med at ein utnyttar det som ligg der, og at det krev lite ressursar.

Artikkelen held fram under biletet

ENGASJERTE: Dei frammøtte under miniseminaret i regi av Årdal Utvikling diskuterte dei framlagde planane engasjert i etterkant.
ENGASJERTE: Dei frammøtte under miniseminaret i regi av Årdal Utvikling diskuterte dei framlagde planane engasjert i etterkant.

Fjordsauna, fjordbasseng, fjordtårn, "svaberg" i tre og aluminiumsnaust

Ombygging av kaiskuret er den mest konkrete planen på sjøfronten på Tangen. I tillegg er gjestehamna Meierihopen i ferd med å koma på plass.

Les også: Vil freista båtgjester med ny hamn

Men gryande planar for Sjøfronten er det mange av:

  • "Svaberg" i tre og kanskje eit oppvarma fjordbasseng utanfor Meieriparken.
  • Fjordsauna og ei rekkje toalett mellom Meierihopen og Meieriparken
  • Eit utsynstårn på Fjordplassen, området aust for Meierihopen
  • Små aluminiumsnaust som blir plasserte på kaikanten og opplyste kveldstid. Inni nausta er tanken å få lydinstallasjonar av kunst og poesi, med inspirasjon frå fjorden.

Miniseminaret der planane vart presenterte tysdag kveld markerer slutten på arbeidet med reiselivsstrategien i Årdal. No skal ting altså uti livet, og dagleg leiar i Årdal Utvikling, Terje Laberg, er klar på at i alle fall kaiskuret og det tidlegare omtalte utsynspunktet ved Vettisfossen bør byrja å materialisera seg om ikkje så lenge.

Les også: Bålplass, minimuseum og svalgang på toppen av Vettisfossen

– Målet må vera å få mest mogleg av dette på plass til i 2020, seier Laberg.

Til toppen