TILTAK: Raudt vil ha tiltak foe å skapa ei sterkare fagrørsle i Noreg, skriv kronikkforfattar Geir Oldeide.
TILTAK: Raudt vil ha tiltak foe å skapa ei sterkare fagrørsle i Noreg, skriv kronikkforfattar Geir Oldeide. (Bilde: Kristin A. Oldeide)

Eit rettvist arbeidsliv

Raudt ønskjer å styrke Arbeidsmiljølova, slik at fleire som ønskjer det kan få fast jobb og full stilling. 

Ifølgje NRK Sogn og Fjordane fann LO sin sommarpatrulje 30 prosent brot på arbeidsmiljølova i Sunnfjord, ei auke på 7 prosent sidan i fjor. Sommarpatruljen fant flest brot når det gjeld naudsynt opplæring innan helse, miljø og tryggleik. 

Dette er ei av mange saker som syner at det er naudsynt med ei sterkare fagrørsle i Noreg. Raudt stør difor framlegget om auka skattefrådrag for betalt fagforeiningskontingent, men det er ikkje nok. 

Raudt ønskjer å styrke Arbeidsmiljølova, slik at fleire som ønskjer det kan få fast jobb og full stilling. Både fordi det er best for den einskilde, og fordi ein tryggare arbeidskvardag vil gjere det lettare å rekruttere fleire medlemmar til fagforeiningane. Difor vil Raudt òg forby kommersielle bemanningsbyrå og gå tilbake til at det offentlige skal drive arbeidsformidling. 

Raudt vil styrke Arbeidstilsynet sin tilsyns- og sanksjonsrett mot bedrifter som bryt Arbeidsmiljølova. Det er òg viktig å få meir konkrete kunnskapsmål om både rettar og pliktar i arbeidslivet og om arbeidslivsorganisasjonane inn som ein del av læreplanen på ungdomsskulen. Det er vidare naudsynt å styrke tiltaka mot sosial dumping i arbeidslivet.

Raudt Sogn og Fjordane vil mellom anna ha eit forbod mot føretaksformen NUF, og vi er imot at franchise og andre kreative selskapsstrukturar skal kunne brukast til å skjule det verkelege arbeidsgjevaransvaret. Vi vil gjere det obligatorisk for alle utanlandske bedrifter og føretak som operer i Noreg å ha yrkesskadeforsikring for alle sine tilsette, fjerne dokumentasjonskravet frå Allmenngjøringslova og få på plass eit forbod mot kabotasjekøyring inntil bransjeavtale og andre verkemiddel for å regulere utanlandsk transport i Noreg er på plass.

For å få betre styring med arbeidslivet må vi dessutan erstatte EØS-avtalen med ein handelsavtale. Vi ønskjer òg at det offentlege stiller krav til mellom anna arbeidstilhøve, tariffavtaler og lærlingar når dei inngår avtaler med bedrifter. 

Til toppen