BÅDE OG: Leiar i Årdal Arbeidarparti, Marie Helene Hollevik Brandsdal, ønskjer seg både eit levande torg og gode parkeringstilhøve. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
BÅDE OG: Leiar i Årdal Arbeidarparti, Marie Helene Hollevik Brandsdal, ønskjer seg både eit levande torg og gode parkeringstilhøve. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Eit samrøysta Årdal arbeidarparti speler Brandsdal inn til stortingsvalet

Det vart avgjort måndag kveld.

Årdal: — Eg er audmjuk, så glad og stolt over tilliten dei viser meg, skriv Marie-Helene Hollevik Brandsdal sjølv i ei oppdatering på Facebook. 

I posten slepp ho nyheita om at ho blir spelt inn som Årdal arbeiderparti sin kandidat til neste års stortingsval. 

— Eg er topp motivert til å fremja fylket vårt! Arbeida for at det skal vera godt og trygt å bu, arbeida og leva her, skriv ho. 

Brandsdal skriv at nominasjonsmøtet i Sogn og Fjordane skal ta avgjerda.

— Men eg er utruleg glad for å bli nemnd. Å få moglegheita til å byggja lag, for ei god framtid saman, skriv ho.  

Eit samrøystes medlemsmøte i Årdal Arbeiderparti vedtok i kveld å spele meg inn som kandidat til stortingsvalet neste...

Posted by Marie-Helene Hollevik Brandsdal on Måndag 24. august 2020
Til toppen