SENTRALISERANDE: Ordførarane i Årdal og Lærdal, Arild Ingar Lægreid (Ap) og Jan Geir Solheim (Sp), kallar regjeringas forslag til statsbudsjett for sentraliserande.
SENTRALISERANDE: Ordførarane i Årdal og Lærdal, Arild Ingar Lægreid (Ap) og Jan Geir Solheim (Sp), kallar regjeringas forslag til statsbudsjett for sentraliserande.

– Eit sentraliserande statsbudsjett

Det er konklusjonen til ordførarane i Årdal og Lærdal, men ein av dei kan sjå meir positivt på tala enn den andre. 

Årdal/Lærdal: Onsdag la regjeringa fram sitt forslag til statsbudsjett for 2016. Der er det klart at berre kommunane i Finnmark kjem dårlegare ut enn kommunane i Sogn og Fjordane.

Opposisjonen har etter framlegget kritisert fleire moment ved forslaget, og hovudsakleg går dette i at det er eit sentraliserande statsbudsjett finansminister Siv Jensen (Frp) la fram.

– Slik forslaget ligg føre håpar me på at det blir justert. Denne gongen må me håpa på Venstre og Kristeleg Folkeparti. Me må håpa på eit endeleg budsjett som ikkje er så sentraliserande. Dette slår ekstra hardt ut i Sogn og Fjordane og Finnmark, som er folkesvake område med store areal og ressursar, seier ordførar i Lærdal Jan Geir Solheim (Sp).

Positive tal for Årdal

At det er sentraliserande er ordførarkollega Arild Ingar Lægreid (Ap) i Årdal samd i. Samstundes er Årdal tildelt ei auke i frie inntekter nesten på nivå med landet med ein vekst på 4,2 prosent eller 11,6 millionar kroner. 

Les også: Kommunane ber om meir for å takle flyktningkrisa

– Det er sentraliserande, men når det gjelde sjølve kommuneopplegget, ser tala positive ut. Men me må djupare ned i materien. Erfaringane seier desse anslaga sannsynlegvis er for høge når det gjeld Årdal, seier han.

– Me må sjå på lokale tilhøve når det gjeld anslag av skatteinntekter og andre ting. Me legg inn eit lågare tal enn dette når jobbar fram budsjettet og faktiske tal me kjenner til.

«Lettare» å få budsjettet til å gå opp

Talet han snakkar om er dei 289 millionar kronene Årdal er tildelt i frie inntekter. Det kjem godt med for ein Robek-kommune, som planlegger å vera ute av det registeret når 2016 er omme. 

– Det er kanskje feil å bruka uttrykket lett, men det blir kanskje litt lettare å setja saman eit budsjett for 2016 sjølv om me har store utfordringar med å få det til. Det er også andre ting som verkar inn, blant anna skatt på kraftanlegg som me ikkje har full oversikt over no, legg Lægreid til.

Les også: Regjeringa vil bruke 4 milliardar på sysselsettingspakke

For Lærdals del ligg tilsvarande tal på 133 millionar, ein auke på 2,7 prosent eller drøye 3 millionar kroner.

– I tillegg ser me at skatten for kraftverk kjem til å slå negativt ut for oss. Me blir dobbeltråka fordi me er ein kraftkommune og ein kommune i Sogn og Fjordane, seier Solheim. 

Byråkratisering

Han trur ikkje den vesle prosentvise auken kompenserer for det dei kjem til å tape. 

Dei to er også klinkande klare på dei er imot å flytta skatteinnkrevjinga frå kommunane til staten, slik regjeringa no foreslår igjen.

Les også: Dårleg folketalsvekst gjev dystre tal for fylket

– Det er heilt utruleg unikt at Frp driv med slik byråkratisering, som eg vil kalla et. Dei har eit forslag om å kutta ned på talet kontor. Det er sentralisering i høgste grad og byråkratisering. Det hadde aldri trudd eg skulle oppleve frå Frp, kommenterer Sp-ordføraren i Lærdal. 

Ingen skjønnsmidlar

Elles skal det nemnast at Årdal får såkalla distriktstilskot på 7,2 millionar kroner. Lærdal på si side får eit småkommunetilskot på 5,6 millionar kroner. Men ingen av kommunane får skjønnsmidlar frå Fylkesmannen.

– Eg er ikkje overraska fordi me har så høg inntekt per innbyggjar, men eg meiner me burde hatt tilgang til nokre skjønnsmidlar med tanke på auken vår innanfor pleie og omsorg når det gjeld brukarar under 67 år. 

– Me kjem til å be om eit møte med Fylkesmann og be om ein gjennomgang av den auken der for vår del. Me er ikkje heilt samde i den og kjem til å ta ein runde med Fylkesmannen på det, seier Lægreid.

Til toppen