Eit sosialt terrengløp

Arrangørane av Galdane Rundt seier det sosiale er minst like viktig som konkurrasen.

Arrangørane av Galdane Rundt understrekar at dei også legg vekt på det sosiale. Her er det ikkje berre å stilla til start og koma til mål og ferdig med det.  

– Folk storkosa seg, mosjonistane starta tidleg, brukte nokre timar, men kva gjorde vel det, smiler Bjørghild Holien i arrangørgruppa.

Her var også fleire lokale konkurrentar som til dømes ungdomane Ingar Molde Paaske og Anthony Labarca Hiller (nr. 86 og 88).

Gjekk med krykker heile runden

– Ei som kanskje strevde mest i den 8.7 kilometer lange løypa var Hanne Grimelid som gjekk med krykker heile vegen rundt, smiler Holien. 

Holien skryt av fint haustvêr med 10 varmegrader, og arrangementet gjekk svært bra.

– Mykje god prat og kaffi høyrer med.

Deltakarrekord

Det relativt ferske terrengløpet drog rekordmange løparar til seg i år. Løpet som går på den historiske Kongevegen, som i desse tider får seg ei real opprusting fleire stader. 

140 mosjonistar deltok, og heile 91 var med i konkurranseklassen. For herrene var det jølstringen Eivind Øygard som kom først i mål med tida 31.10.  Det er ny løyperekord og sju sekundar raskare enn andremann Rune Opem frå IL Dalebrand.

I kvinneklassen blei det også registrert ny løyperekord. Den var det Ingvild Vedde frå Tjalve IL som sette med tida 39.56. Åslaug Gold Kaardal frå Lærdal blei nummer tre med tida 41.44. 

Til toppen