ENGASJERTE: Arnstein Menes og Karen Marie Hjelmeseter.
ENGASJERTE: Arnstein Menes og Karen Marie Hjelmeseter. (Foto: Sogndal Senterparti)

Eit steg nærare realiseringa av ViteMeir-senteret

I dag vedtok fylkespolitikarane rammeavtala for Vitensenteret på Kaupanger. Det kjem fram i ei pressemelding.

Sogndal: Rammeavtala gjeld for tre år og er viktig sidan kravet for at staten skal vere med å dekke inntil 35 prosent må fylkeskommunen/kommunane dekke 20 prosent. 

– At fylkeskommunen forplikta seg i dag er naudsynt for at søknaden om driftsmidlar kan sendast til forskingsrådet i haust, seier Karen Marie Hjelmeseter, toppkandidat i nye Sogndal senterparti og leiar i hovud-utvalet for næring og kultur i fylkeskommunen.

Hjelmeseter er glad for at dei no er nærare realiseringa av ViteMeir på Kaupanger. 

Menes: – Eit viktig tilskot i regionen 

Årdal, Luster og nye Sogndal har vedteke liknande rammeavtalar, og fleire andre kommunar er også utfordra og skal behandle sak om rammeavtalar i nær framtid.

Styret konsentrert seg om sognekommunane og fylkeskommunen no i første omgang, men var tenkt å gå vidare til resten av kommunane i fylket for å få i gang ein dialog med om deira bruk av senteret.

– Eg håpar alle vil vere med på laget for å sikre vidare drift av Vitensenteret. Det vil vere eit viktig tilskot for heile regionen vår, seier Arnstein Menes, ordførarkandidat for Sogndal senterparti og medlem i fylkestingsgruppa til Senterpartiet.

Lukkast dei med dette, vil nye Vestland få to slike senter, eit i Sogndal og eit i Bergen. 

– Eg håpar at politikarane i det nye fylket vil vere med å vidareføre begge desse to viktige populærvitskaplege opplevings- og læringssentera, understrekar ein engasjert Menes.

Til toppen