FORNØYGDE: Dei to redaktørane Hele Johansen Vikøren og Ida Jevnaker er fornøygd med årets russeavis. Foto: Andreas Aannevik
FORNØYGDE: Dei to redaktørane Hele Johansen Vikøren og Ida Jevnaker er fornøygd med årets russeavis. Foto: Andreas Aannevik

– Eit tema folk kjenner seg att i

Å lage russeavis er tradisjon for russen i Årdal. Årdalsrussen 2016 har laga avis med navnet «Årdalsmuren.» Der tek dei føre seg Øvre og Tangen konflikten som er mykje snakk om i bygda.

– Me valgte temaet Øvre og Tangen fordi dette er noko folk kjenner seg att i, og pratar om i dag. Dette kunne vere eit spennande tema å ta opp i avisa. Det er jo mykje diskutert i samfunnet, seier redaktørane i russeavisa Helene Johansen Vikøren og Ida Jevnaker.

Helene legg til at russen ikkje hadde lyst til å ha saker som berre handla om russen, men også om andre ting i samfunnet.

Lærerikt

Dei to redaktørane fortel at det er svært lærerikt å lage russeavis.

– Det har vore moro og lærerikt å lage avisa. Det vart litt stress på slutten, men slik er det alltid.

– I starten trudde alle at me hadde god tid. På slutten innsåg me at tida begynte renne ut. Då organiserte klassen seg godt og jobba på. Det gjekk eigentleg ganske fint under arbeidet.

Artikkelen held fram under biletet.

Heile klassen

 – Førebuinga starta rundt juletider, der me hadde idemyldring med klassen. Det var vanskelig å komme i gang, og komme på innhaldet i avisa. Heile klassen var med på finne ulike ting som kunne vere interessant å skrive om. Me var redd for at det var for mange gode idear, som me ikkje kom til å få ut.

Overskotet frå intektene har dei valgt skal gå til kreftforeininga.

Redaktørane fortel at russen er fornøygd med resultatet, og oppmodar folk om å kjøpe avisa.

Til toppen