Ingen blei skadde då ein bil køyrde i fjellveggen i Frudalstunnelen.
Ingen blei skadde då ein bil køyrde i fjellveggen i Frudalstunnelen. (Foto: Arkiv)

POLITIVEKA

Eit trafikkuhell og eit vogntogstopp i same tunnel

Politiet har ikkje vore nøydde til å rykka ut på stort denne veka.

Indre Sogn: Ifølgje politiloggen har det vore ei roleg veke for politiet i Indre Sogn. 

– Det er veldig bra. Det er ingenting som er betre, seier politioverbetjent Rita Skjeldestad.

Måndag: Politiet rykka ut då ein bil køyrde i fjellveggen i Frudalstunnelen i Sogndal klokka 16.45. Bilen skal ha kome over i motsett køyrebane. Ingen kom til skade og trafikken blei ikkje hindra.

Måndag: Klokka 21.30 fekk politiet ei melding om ei hjortepåkøyrsle ved Amla på Kaupanger. Viltnemnda vart kontakta.

Tysdag: To bilar blei avskilta på Leikanger etter ein kontroll. Det var ikkje registrert eigarskifte på køyretøya.

Onsdag: Klokka 08.00 utførte politiet dokument- og ruskontroll ved Ylvisåker i Sogndal og i Vik. 50 bilførarar blei kontrollerte i Sogndal, og 19 i Vik. Det vart ingen reaksjonar.

Onsdag: Klokka 20.00 var det kontroll i Sogndal. 18 vart kontrollerte og det vart utskrive eit gebyr.

Torsdag: Klokka 18.30 meldte Vegtrafikksentralen at eit vogntog hadde stoppa i Frudalstunnelen og 18.41 blei tunnelen stengd. Køyretøystansen skjedde på grunn av eit slangebrot. Servicebil blei tilkalla og vegen blei opna att klokka 19.30.

Til toppen